Fagstoff

Blomar og pynt

Publisert: 01.06.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Hugselappen:

Blomar og pynt skal pynte bordet, ikkje dominere det.

Bordpynt med savoykål og kvite lys. Foto.  Blomar og pynt på eit vakkert dekt bord set prikken over i-en, og er noko dei fleste gjester set pris på. Tekstilar i kombinasjon med blomar, dekor og levande lys skaper ei hyggjeleg og lun stemning.

Eit enkelt oppdekt bord i ein restaurant. Foto.Ikkje alle restaurantar har blomar på bordet.  

Eit kvitt kubbelys med grøn blomsterpynt. Foto.Levande lys skaper ei lun stemning.  

To blå babysko fylt med grøne blomar brukt som dekor på eit bord. Foto.Ulike høve krev ulik pynt. Kva for høve trur du denne pynten er meint til?   

Tidlegare var det ein sjølvsagt ting å ha ein blomevase på eit kvart restaurantbord, slik er det ikkje lenger. Kor mykje pynt og blomar restauranten vel å ha heng saman med staden sin profil, økonomi og trendar. Eit bord som skal brukast til eit finare selskap blir som regel alltid pynta med levande lys og blomar.

Blomedekorasjonar er heller dyrt, og det kan fort bli mykje pengar av det. Dei fleste bedrifter spør arrangøren kor mykje dei vil bruke på dette, og tek betalt per kuvert. Eller gjestene står for pynten sjølve. Blomar og dekor kan ein òg lage av materiale frå naturen som ikkje kostar nokon ting.

Harmoni på bordet

Blomar skal pynte bordet, og ikkje dominere det. Blomar og pynt skal passe til bordet, og bør følgje bordet sine linjer. Eit smalt bord treng smale dekorasjonar, eit breitt kongebord kan tole større og breiare dekorasjonar.

Ein regel er at dekorasjonen ikkje skal kome borti glasa, og han skal heller ikkje vere så stor at han hindrar gjestene i å kommunisere med kvarandre. Det same gjeld lysa, dei skal ikkje plasserast i augehøgde slik at gjestene blir hindra i å sjå kvarandre. Skal ein bruke høge dekorasjonar, må dei vere så høge at gjestene kan sjå under dei. Dette er ikkje så vanleg i dag, og krev eit stort bord for å sjå pent ut.

Friske blomar inneheld vatn som gjer at dei ikkje er like brannfarlege som tørre blomar.

Høve, årstid og fargar

Både årstida og høvet bordet skal brukast til er med på å avgjere valet av blomar og dekor. Eit bord som skal brukast til ein barnedåp blir pynta på ein annan måte enn eit bord til eit juleselskap. Det er berre fantasien som set grensene, men det er viktig at blomar og pynt harmonerer og står i stil til bordet. Det er ikkje alltid pent med for mange kontrastar.

Lyse fargar vel ein tradisjonelt på dagtid og om sommaren, mens ein vel mørkare fargar til kvelden og om vinteren.

Behandling av blomar

Avskårne blomar må snittast på skrå med ein skarp kniv, og setjast i vatn med éin gong, slik at ikkje snittflata tørkar ut. Tulipanar skal ikkje snittast på skrå, men kuttast rett av. Vatnet i vasen bør vere romtemperert (med unnatak av roser, dei bør ha varmt vatn) og fyllast med haldbarheitsmiddel slik at blomane varer lenger. Utan haldbarheitsmiddel bør ein skifte ut vatnet kvar dag.

Pass på at det ikkje kjem blad opp i vatnet, då kan det danne seg bakteriar som øydelegg haldbarheita til buketten. Pass på å ikkje setje blomane i direkte sollys eller i trekk. Blomar og dekorasjonar bør setjast kaldt om natta, då held dei seg lenger.