Fagstoff

Historie

Publisert: 02.06.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Hugselappen

Ville nyttevekstar har vore ein viktig ressurs for oss menneske heilt frå dei første tider. Før det vart vanleg å dyrke jorda, var menneska sankarar og jegarar, og dei levde av det naturen gav.

 

 

 

Kasserolle med nesle.FotoNesle har vore brukt som næringskjelde langt tilbake i historia vår.  

 

 

NytteveksterKarvekål

 

 

Karvekål kan forvekslast med ryllik og hundekjeks. Gjer ein seg kjend med urta, er det lett å kjenne ho att.

 

 

 

Baking av borkebrød på 1800-talet. FotoI vanskelege tider var det vanleg å ty til bork som supplement i brødbaksten, og folk samla inn matnyttige viltveksande plantar for å greie seg gjennom vinteren.   

 

Meldestokk. FotoMeldestokk var ei næringsrik urt som blei malen opp og tilsett i graut og brøddeigar.  

Moderne historie og bruksområde

Mange av bladgrønsakene, urtene og krydderplantane våre blir ofte omtalte som ugras, kaninfôr og krisemat. Plantane har i tillegg vorte brukte som dyrefôr, og dette skapar ein negativitet rundt bruken av nyttevekstane.

Det er ofte i krisesituasjonar, som krig og uår, at menneska har brukt ville vekstar som mat. Dette er nok ein av grunnane til at plantane har fått eit så ufortent dårleg rykte.

Mange av dei ville urtene kom opphavleg frå Europa

Det var først i perioden 1050–1537 e.Kr. at ein i Noreg for alvor begynte å bruke urteplantar. Munkar og nonner frå land lenger sør i Europa bringa med seg frø frå urter og plantar, og opparbeidde klosterhagar. I denne perioden vart det oppført mange kloster i Noreg, og kvart kloster hadde sin eigen urtehage. Fleire planteslag som veks vilt i vår flora i dag, stammar frå klosterhagen.

Ville vekstar som matsupplement i dårlege tider

I krigstid og i etterkrigstida, frå 1914–1950, var det dårlege matforråd i Noreg. Det ein kunne samle inn frå naturen, var eit viktig supplement i hushaldninga, og kunnskapen frå 1700-talet vart på nytt teken i bruk. Ein mol opp bork, røter, lauv og frø, og tilsette det i mjølet for å dryge det. Bygg, sikorirot og løvetannrot mol ein opp og tilsette i kaffien eller brukte det åleine som kaffisurrogat.

I 1941 kom boka Gratis mat av ville plantar av Jens Holmboe ut. Denne boka dekte eit stort behov for å lære korleis ein skulle bruke ressursane i naturen.

Fram til 1960-talet såg ein på ville vekstar som eit nødvendig tilskot til matlaginga.

Ville vekstar var ein del av kosthaldet i jernalderen

Allereie på 1500-talet brukte ein krekling, kvann, bukkeblad, bergknapp, matsyre og te laga av friske furuknoppar for å hindre utbrot av skjørbuk. Fleire funn frå jernalderen viser at urter som nesle og meldestokk vart brukte som ein del av kosthaldet. Meldestokk var ein næringsrik urt som ein mol opp og tilsette i graut og brøddeigar, og brennesle vart brukt som kål.

Krydder brukte ein til å kamuflere at mat begynte å lukte vondt eller smake annleis. Kjøt var ei dyrebar vare, og det var viktig å behalde maten så lenge som mogeleg. Utskjemd mat vart derfor krydra slik at ein greidde å ete han.

Ein kunne ofte tilsetje krydder i øl for å skjule at brygginga ikkje hadde vore vellukka. Det vart òg tilsett krydder og urter i brennevin for å døyve og skjule den sterke smaken. I og med at ein nytta brennevin som medisin, vart det viktig å tilsetje krydder og urter for å få pasientane til å svelgje han.

Historia om nyttevekstar i Europa

Det var grekarane og andre folkeslag rundt Middelhavet som for alvor begynte å bruke nyttevektstar. Fønikarane dominerte middelhavsområdet frå om lag 1200 f.Kr, og dette sjøfarande folket hadde med seg mange plantar tilbake frå reisene sine. Hamnebyen Tyrus vart eit knutepunkt for omsetnad av krydder, og på denne måten fekk grekarane innsikt i korleis ein kunne bruke dei medisinske plantane. Grekarane begynte å registrere plantar og skrive ned kva dei kunne brukast til, og det var den medisinske verknaden dei var interesserte i. Etter kvart oppdaga grekarane den gode smaken til plantane og begynte å bruke dei i maten.