Fagstoff

Køyreplan

Publisert: 09.06.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Hugselappen

Syt for at alle på kjøkkenet og i serveringa har lese grundig gjennom køyreplanen på førehand.

Festbord  

Når ein skal arrangere selskap eller andre større arrangement, er det vanleg å utarbeide ein køyreplan. Køyreplanen er ei skriftleg oversikt over kva som skal skje under måltidet, og han blir laga i samarbeid med vertskapet, serveringspersonalet, kjøkkenpersonalet og eventuelt toastmasteren.

 

For at arrangementet skal bli ein suksess, er det viktig å ha ein godt planlagd køyreplan.

I eit bryllaup er det ofte talar og andre ting som skjer undervegs i måltidet. Ved å ha sett opp ein tidsplan på dette, unngår vi misforståingar, og vi sikrar kvaliteten på mat og servering.

Når nokon av gjestene talar, skal ikkje servitørane gjere noko i lokalet, dette vil verke svært forstyrrande på den som talar og på gjestene. Det er òg ein god ide å leggje dei fleste talane til etter hovudretten. Enkelte talar blir lengre enn berekna, og då er det betre at hovudretten er servert slik at han ikkje blir øydelagd.

Her er eit døme på ein køyreplan frå eit bryllaup:

Et eksempel på en kjøreplan. Tabell.

Last ned som PDF-fil:

Eksempel på køyreplan