Fagstoff

Oppdekkingsmåtar

Publisert: 02.06.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Hugselappen

  • Alt bestikk og glas skal vere pussa før ein legg det på bordet.
  • Ein må vere nøye med å følgje linjene når ein dekkjer.

Eit pent dekt bord med ein blomeoppsats. Foto.   

Det finst mange måtar å dekkje eit bord på. Linjeoppdekking, gruppeplassering, v-formasjon og diagonal oppdekking er tradisjonelle og vanlege metodar.


Linjeoppdekking

Ein plasserer bestikket likt med tallerkenkanten, om lag 1,5-2 cm frå bordkanten. Glasa til hovudretten står framfor hovudrettens knivspiss, og så plasserer ein forrettsglaset på skrått nedover. Farrisglasset plasserer ein bak mellom hovudrettsglaset og forrettsglaset. Dessertglaset plasserer ein på skrå framfor hovudrettsglaset.

Linjeoppdekking av tallerken og bestikk. Foto.  

Gruppeplassering

Denne måten å dekkje opp på er smakfull og mykje brukt. Det er dekt til forrett, fisk, kjøt og dessert. Kjøtbestikket legg ein om lag 1,5 cm frå bordkanten. Fiskebestikket legg ein om lag 5 cm frå bordkanten og forrettsbestikket som kjøtbestikket. Smørjekniven legg ein på kuvertasjetten på same linje som forrettsbestikket og kjøtbestikket. Glasa til hovudretten står framfor hovudrettens knivspiss. Kvitvinsglaset står litt framfor og til høgre for raudvinsglaset. Dessertvinglaset plasserer ein slik at glasa dannar ein likesida trekant. Det er viktig at stettane står like langt frå kvarandre.

Bilete av gruppeplassering i ei oppdekking   

Oppdekking v-formasjon

Hovudrettsbestikket plasserer ein om lag 1,5 cm frå bordkanten. Forrettsbestikket plasserer ein 2,5 cm frå bordkanten, og eventuelt neste bestikk plasserer ein 3,5 cm frå bordplaten slik at det dannar ein v-formasjon.

Bilete av ei v-formasjonoppdekking  

Diagonal oppdekking

I denne oppdekkinga plasserer ein kniven og gaffelen i hovudrettsbestikket og forrettsbestikket omvendt for kvarandre, slik at det dannar ei skrå linje.

 

Bilete av ei diagonaloppdekking