Informasjon om oppgåva
I dette oppdraget skal læraren først gjennomgå litt om temaet etande ville nyttevekstar, deretter skal elevane ut å sanke planter. Av nyttevekstane skal kvar gruppe finne oppskrifter og lage retter. Til slutt i prosjektet skal rettene og nyttevekstane presenterast for resten av klassen, og i tillegg skal det lagast eit felles oppskriftshefte.
Elevane kan gjerne fotografere undervegs i prosessen og leggje dette med i presentasjonen og oppskriftsheftet.
For at elevane skal nå læringsmåla, er det lagt opp til både teori og praksisundervisning.
Dette er eit arbeidsoppdrag som eignar seg som gruppearbeid med 3–4 elevar på kvar gruppe.
Hugselappen
Arbeidsoppdraget må utførast mens det er sesong for nyttevekstar, i tidsrommet april–mai.
Hovudråvarer
Gruppe 1: Brennesle
Gruppe 2: Skvallerkål
Gruppe 3: Løvetann
Gruppe 4: Geitrams
Dag 1
Teoridel
- Læraren informerer om prosjektet.
- Teori om nyttevekstar.
- Test-Kahoot eller quizkopling til Kahoot (ligg under relaterte artiklar nedst på sida).
- Kvar gruppe får utdelt ei hovudråvare som dei skal finne fakta om og presentere for klassen på dag 4.
Dag 2 – første økt
Sanking av nyttevekstar
- Klassen finn ein stad som eignar seg til å sanke nyttevekstar på.
- Kvar gruppe må passe på at dei får sanka nok av hovudråvara si.
- Gruppene konkurrerer om å dekorere det mest innbydande bordet, ved å samle inn røter, bær og greiner til dekorasjon mens dei er ute på sanking.
Dag 2 – andre økt
Førebuing til kjøkkenøkt
- Lage ein meny og finne oppskrifter som passar til nyttevekstane gruppene har sanka. Læraren oppgir kva for andre hovudråvarer og basisvarer elevane kan nytte.
- Lage arbeidsplan.
Dag 3
Kjøkkenøkt
- Kvar gruppe lagar til menyen som planlagt.
- Kvar gruppe dekkjer opp eit bord som passar til menyen, og dekorerer med det dei har funne i naturen.
- Rettene skal presenterast på ein buffé.
- Gruppene vaskar kjøkkenet.
Dag 4
- Kvar gruppe presenterer fakta om nyttevekstane og rettene som vart laga.
- Klassen samlar oppskriftene som gruppene har nytta, og lagar eit felles oppskriftshefte.
- Gruppene skriv logg.
Relatert innhald
Nettside hos play.kahoot.it