Hopp til innhald

Fagstoff

Feittredusert kost

Feittredusert kost blir laga til så lik nøkkelrådskost som mogleg, men med redusert feittinnhald.

Kven skal ha feittredusert kost?

Feittredusert kost nyttar ein til personar som har feittdiaré. Feittdiaré kan kome av ulike sjukdomstilstandar i tarmen og/eller bukspyttkjertelen, og desse sjukdomstilstandane kan føre til at ein i periodar er svært ømfintleg overfor feitt.

Døme på sjukdomstilstandar er stråleskadar eller betennelse i tarm, når delar av tarmen er fjerna, og akutt gallesjukdom. Ved inntak av for mykje feitt vil pasienten få feittdiaré. Feitt vil dermed ikkje bli teke opp i kroppen, og dersom dette held fram over tid, vil det bli for lite av viktige næringsstoff.

Nøkkelrådskost med redusert feittinnhald

Energifordeling

  • 17 % protein
  • 15 % feitt
  • 68 % karbohydrat

Feittredusert kost skal lagast til så lik nøkkelrådskost som mogleg, men med redusert feittinnhald. Nøkkelrådskost inneheld om lag 80–90 gram feitt per dag. Ved feittredusert kost skal ein maksimalt ha 40 gram feitt for kvar dag, og dette må fordelast over alle måltida. Det bør serverast seks måltid per dag for å få dekt behovet for energi.

Enkelte pasientar toler meir feitt, så kosten må derfor tilpassast kvar einskild pasient.

For å vere sikker på at ein ikkje går over tilrådd mengde, bør ein nytte oppskrifter og/eller vege opp feitt som blir nytta i kosten. Det er viktig å vere merksam på at mange produkt og råvarer inneheld feitt, og at dette må bli inkludert i den totale mengda feitt per dag.

Ein porsjon hønsefrikassé i ei skål. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ernæringsmessige utfordringar

Når ein reduserer feittmengda med om lag 50 gram, mister ein samtidig 450 kcal per dag, som er rein energi. For at pasienten skal få nok energi, må ein kompensere tapt energiinntak frå feitt med karbohydrat og protein. Matvarer som det er naturleg å auke inntaket av, er til dømes brød, grønsaker og potet. Ettersom desse matvarene gir stort volum og ein blir raskare mett, må ein legge inn fleire mellommåltid i kosten. Sukkervarer kan òg auke energitettleiken.

Feitt tilfører ein del viktige næringsstoff til kroppen, og dette mister ein noko av når feittmengda blir redusert i kosten, mellom anna

  • essensielle feittsyrer – omega 3 og omega 6
  • feittløyselege vitamin, A- og D-vitamin

Døme på fordeling av 40 gram feitt

I tabellen under finn du eit døme på korleis vi kan fordele 40 gram feitt på ein dag.

Feittinnhald i eit utval matvarer

Matvare

Mengde matvare i gram

Mengde feitt i gram

Olje eller flytande margarin til matlaging

5–10

5–10

Skumma mjølk, inkl. matlaging

750

0,75

Kjøtt, magert

150

2–15

Fisk, mager

200

1–6

Pålegg (mager ost el. magert kjøtt)

150

2–12

Brød (grovbrød), om lag 8 skiver

320

9

CC BY-SASkrive av Unni Kulhuset Granheim.
Sist fagleg oppdatert 19.12.2023

Læringsressursar

Kost ved ulike diagnosar og tilstandar