Fagstoff

Det fysiske arbeidsmiljøet

Publisert: 05.05.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Hugselappen

  • Arbeidsmiljøet er dei omgivnadene du jobbar i.
  • Arbeidsmiljølova skal sikre at arbeidstakarane har eit tilfredsstillande arbeidsmiljø.

Kokker i restauranten Maaemo i Oslo arbeider. Foto.Kokker i arbeid 

Lyd, lys, luft og utstyr er døme på fysiske faktorar i arbeidsmiljøet. Eit godt fysisk arbeidsmiljø er viktig for helsa til dei tilsette. I § 4–4 i arbeidsmiljølova står det at ein skal innreie og utforme arbeidsplassen slik at arbeidstakarane unngår uheldige fysiske belastningar, og at nødvendige hjelpemiddel skal stillast til disposisjon.

 

Kokkar legg opp mat på mange tallerkenar til eit selskap. Foto.Når ein skal leggje opp mat på tallerkenen krevst det godt lys! 

 

Gruppeoppgåve

Kartlegg arbeidsmiljøet på skulen

Korleis er forholda på kjøkkenet eller i serveringssalen når det gjeld:

  • støy?
  • klima?
  • lyssetjing?
  • utforminga av arbeidsplassen?

Er det noko de eller skulen kan gjere for å betre forholda?

 

Kokkar steikjer mat i store steikjepanner på eit kjøkken. Foto.På eit kjøkken blir det mykje steikjeos og damp frå gryter, noko som kan føre til dårleg luftkvalitet for dei tilsette.  

 

Tralle som blir brukt på eit kjøkken. Foto.Ei tralle er nyttig på eit kjøkken, og kan avlaste arbeidstakaren slik at han ikkje treng å bere alt sjølv.    

Lyssetjing

Rett lyssetjing på ein arbeidsplass gjer det lettare å utføre arbeidet på ein trygg og effektiv måte. Rett lyssetjing er viktig for helse og trivsel. For svakt lys kan gjere arbeidet vanskeleg og krevjande, for sterkt lys kan verke blendande.

Om lyssetjinga er feil kan du bli plaga av hovudverk, og at du blir trøytt og kjenner deg sliten i auga. I tillegg til godt lys elles, kan det vere nødvendig med plass- eller punktlys. På eit kjøkken treng vi ofte ekstra lys der vi arbeider med maten eller legg opp på tallerkenen.

I serveringslokalet treng vi ofte ekstra lys når vi skal blande drinkar, eller når vi skal slå inn på eit kassaapparat.

Klima

For varme eller for kalde arbeidslokale er eit vanleg problem innanfor kokk- og servitørfag. Inne på kjøkkenet kan temperaturen stige med ekstra varme frå mange omnar og steikjepanner. Eit serveringslokale kan òg bli veldig varmt om det oppheld seg mange menneske der samtidig. Vi må ha tilstrekkeleg ventilasjon og ha høve til å kunne regulere temperaturen avhengig av årstid og sesong. Er det mykje sollys som varmar opp arbeidsplassen, må vi kunne skjerme oss med markiser.

I tillegg må kokken og servitøren gjerne inn på kalde kjølar og frys for ein kortare eller lengre periode. Då må vi ha tilgang til varme overtrekksklede.

Inne på kjøkkenet kan det vere problem med luftkvaliteten. Damp frå oppvask og gryter, og steikjeos frå omn og grill kan føre til eit dårleg klima. Gode avtrekkshetter over steikjeomnar og kokeapparat er derfor nødvendig.

Støy

Mange arbeidsplasser kan ha problem med støy. I kokk- og servitørfag er støy ofte lydar som kjem frå maskinar og arbeidsutstyr, eller frå ventilasjonen. Gjester i restauranten kan òg medverke til at arbeidsdagen blir prega av mykje støy, dei snakkar og ler, stolbein skrapar og bestikket klirrar.

Verksemda bør leggje vekt på å bruke maskinar og utstyr som gir minst mogeleg støy. Særskilt bråkete maskinar bør ein byte ut eller isolere, og gummierte foringar under kan dempe bråket. Godt vedlikehald av maskinar og utstyr er eit førebyggjande tiltak mot støy.

Utforming av arbeidsplassen

Arbeidsplassen si utforming har mykje å seie for helsa til dei tilsette. Ein arbeidstakar brukar mykje tid på jobb, og kan få problem med helsa om ikkje arbeidsplassen er utforma på ein føremålstenleg måte. Alle arbeidsbenkar og bord bør vere regulerbare slik at dei kan passe til alle arbeidstakarane, uavhengig av om du er 160 cm eller 180 cm høg.

Lokala bør vere utforma på ein praktisk og romsleg måte. Vi må kunne røre oss uanstrengt og fritt. Det finst døme der kokkane har jobba på så trange kjøkken at det ikkje har vore mogeleg for dei å gå forbi kvarandre.

Arbeidsplassen må vere utforma slik at det blir færrast mogeleg tunge løft. Golvet bør ikkje vere for hardt, det vil vere belastande for beina. Det må vere lett å halde reint, og samtidig vere sklisikkert.