Fagstoff

HMS

Publisert: 05.05.2015, Oppdatert: 28.06.2017

Hugselappen:

HMS står for

  • Helse
  • Miljø
  • Sikkerheit

Bokstavene HMS på en pil. Illustrasjon.

Arbeidsmiljølova og forskrifter om emnet krev at ein arbeider systematisk for å sikre helse, miljø og sikkerheit for arbeidstakarane. Ei vanleg samlenemning for dette området er HMS – helse, miljø og sikkerheit.

 

Ein steikjepanne står i fyr. Foto.På eit kjøkken er det ein fare for det kan oppstå brann. Bedrifta må derfor kartleggje risikoen, og lage ein handlingsplan.  

Ein glad, kvinneleg kokk held ein tallerken klar til servering. Foto.Glad kokk på jobb. Arbeidsmiljølova skal sikre at helse, miljø og tryggleik blir vareteke for arbeidstakaren. 

Krav til arbeidsmiljøet i hotell- og restaurantverksemd er omtalt på nettportalen Regelhjelp.no 

Kokk står ved ein benk og lagar til mat. Foto.Som kokk eller servitør blir det mykje ståande arbeid. 

Gruppeoppgåve: HMS-arbeid

Tenk deg at du jobbar på ein restaurant eller eit hotell i Noreg. Gi døme og drøft korleis eit systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid kan utførast i verksemda.

Logoen til arbeidstilsynet.Arbeidstilsynet  

Systematisk HMS-arbeid

I Noreg står helse, miljø og sikkerheit (HMS) sentralt for å skape eit godt og sikkert arbeidsmiljø. Krava til systematisk HMS-arbeid finn vi i Arbeidsmiljølova § 3-1 (1). Arbeidsmiljøet er summen av dei fysiske, psykiske, sosiale og organisatoriske forholda på ein arbeidsplass. Krava til HMS-arbeidet skal sikre eit arbeidsmiljø som gir grunnlag for ein helsefremjande og meiningsfylt arbeidssituasjon.

Arbeidsmiljøutfordringar for hotell- og restaurantbransjen

Ein ny rapport om arbeidsmiljøet i hotell- og restaurantbransjen, utarbeidd av Det europeiske arbeidsmiljøorganet, EU-OSHA, har skildra kva for arbeidsmiljøutfordringar som karakteriserer bransjen:

• tungt arbeid
• mykje ståande og statisk arbeid
• kundekontakt, som i enkelte tilfelle er utfordrande
• mykje kvelds- og helgearbeid, som kan ha negativ effekt på forholdet mellom arbeid og fritid
• høgt stressnivå
• einsformig arbeid
• trakassering og vald frå kundar, kollegaer og tilsette
• diskriminering av kvinner og utanlandske arbeidstakarar

Manglande HMS-system

Ein annan rapport, Manglar hos annankvar restaurant, skriv at nær halvparten av alle restaurantar, kafear og andre serveringsstader manglar eit system for å handtere farlege feil og situasjonar. Det aukar risikoen for alvorlege ulykker som kan skade gjester og tilsette. I januar 2013 mista over 200 menneske livet i ein brann i ein nattklubb i den sørlege delen av Brasil. Overlevande fortalde at brannen spreidde seg svært raskt: - minst 200 drept i nattklubb-brann. Dei som driv serverings- og overnattingsstader har ansvar for tryggleiken til tilsette og gjester, og må syte for at det ikkje skjer skadar på omgivnadene. Det er derfor viktig at bedrifta har eit ordentleg HMS-system som har kartlagt risikoen for farar, og kva som eventuelt må gjerast om farlege situasjonar oppstår.

Lag eit HMS-system

Arbeidstilsynet anbefalar å følgje desse trinna når ein skal utvikle eit system for å følgje opp helse, miljø og sikkerheit i bedrifta:

• Arbeidsgivaren har ansvaret for HMS, men det er viktig å samarbeide med arbeidstakarane.

• Skaff ei oversikt over kva for lover og forskrifter som er aktuelle for bedrifta.

• Skaff ei oversikt over kva for tryggleiksrutinar for opplæring, brannøvingar, bruk av verneutstyr og så vidare som allereie finst i bedrifta.

• Kartlegg bedrifta med tanke på risiko. Ein kan gjere ein enkel risikoanalyse ved hjelp av tre enkle spørsmål:

1. Kva kan gå gale?
2. Kva kan vi gjere for å hindre det?
3. Korleis kan vi redusere konsekvensane dersom det likevel skulle skje?

• Lag på bakgrunn av kartlegginga ein handlingsplan som viser kva som skal gjerast, kven som skal gjere det, og når det skal vere gjort.

Kontroll av HMS-systemet

Arbeidstilsynet skal kontrollere at HMS-føresegnene blir overhalde. Dei tek stikkprøver og kjem på tilsynsbesøk eller går meir grundig gjennom heile HMS-systemet i bedrifta. Dersom ein bryt regelverket kan myndigheitene gi pålegg om å rette opp forholdet innan ein viss frist. Bedrifta kan bli dømd til å betale dagbøter som samlar seg opp til pålegget er oppfylt.

I alvorlege tilfelle kan det òg bli snakk om forureiningsgebyr, og saka kan òg bli meld til politiet. Mange kundar og leverandørar stiller krav til HMS. Gode HMS-rutinar kan òg ha noko å seie for forsikringspremien, mens mangelfulle rutinar kan føre til problem med forsikringsoppgjer i eit skadetilfelle.

Oppgåver

Oppgåve

Relatert innhald

Aktuelt stoff for