Hopp til innhald

Fagstoff

Forrigling (retningskontroll)

For å forhindre at ein motor kan bli forsøkt køyrd i begge retningar samtidig, lagar vi ei forrigling.

Forrigling er å kople Q2 sin kvilebrytar i serie med spolen (A1 og A2) på Q1 i høgre dreieretning, og omvendt i venstre dreieretning. Dette garanterer at når ein av kontaktorene er slått inn, vil ikkje den andre kunne slå inn.

I denne krinsen vil det ikkje vere mogleg å køyre motoren i motsett retning når han er i drift, sjølv om ein trykkjer på brytaren for motsett retning. Dette skjer fordi det er brot i kvilekontakt 21–22 i motsett dreieretning når anten kontaktor Q1 eller Q2 er slått inn. Vi er nøydde til å stoppe motoren før vi kan skifte dreieretning.

CC BY-SASkrive av Esteban Panza.
Sist fagleg oppdatert 16.01.2019

Læringsressursar

Dreieretningsvendar