Rettleiing

Reglar for munnleg eksamen

Publisert: 29.04.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Eksamen? Foto.Tid for eksamen!

Her er ei lita oppsummering av ordningene som gjeld munnleg eksamen, inkludert norsk, for elevar i vidaregåande skole på studieførebuande. Opplysningene er henta frå Utdanningsdirektoratet sine nettsider. Dette er med utgangspunkt i reglane som gjeld våren 2015.

  • Det er ikkje lenger munnleg eksamen på mandager eller etter helligdag. Grunnen er at det ville gitt dei elevane som kom opp på ein måndag, to dager "ekstra" med førebuingstid. Slik var det nemleg før! No skal alle ha like lang tid.
  • Du får beskjed 48 t. før eksamensdagen kva for fag du kjem opp i til munnleg eksamen.
  • 24 t. før eksamensdagen skal du få eit tema eller ei problemstilling. Så skal du lage ein presentasjon om dette temaet/problemstillinga. Temaene/problemstillingene du får oppgitt skal vere så omfattande at du får høve til å vise brei kompetanse. No må du likevel rekne med at sensor vil trekke inn ulike delar av læreplanen under samtalen etter din presentasjon. Målet er som sagt at du skal vise det ein kaller for "brei kompetanse"
  • Sjølv om temaet/problemstillinga er omfattande, vil det vere rimeleg at du i din presentasjon avgrensar og legg vekt på noe meir enn andre ting. Hugs - du har jo veldig kort tid til presentasjonen din. Ei slik avgrensning bør vere i samråd med læraren som rettleier deg på førebuingsdagen.
  • I reglane står det at du skal vere på skulen denne dagen, men det viktigaste er at du skal ha tilgang til ein faglærar som du skal kunne spørre. Kor mykje hjelp du får, vil nok variere mykje frå lærar til lærar. Uansett, det er jo du som skal lage presentasjonen, men be om råd, sjekk at du er på rett spor og at du har forstått problemstillinga. Be om å få konkretisert kva samtalen etter presentasjonen kan gå ut på slik at det du får av spørsmål ikke vert opplevd som totalt overraskande.
  • Vonaleg har du godt oversyn over stoffet. Du har vel systematisert det du har lagra av nettsider og notat slik du i ein litt stressa førebuingsfase, ikkje treng å stresse med å finne fram til alt stoffet?
  • Kjeldene som du sjølvsagt oppgir, vil dei fleste ha på det siste lysbiletet. Kjeldene fortel noko om korleis du har jobba, og om du har vist evne til kritisk vurdering andsynes til det som du vurderer som truverdige og relevante kjelder. Du kan bli bedt om å grunngi val av kjelder.
  • 2/3 av tida skal normalt brukast til ein samtale om innhaldet i presentasjonen, og da bør presentasjonen normalt ikke vare meir enn 10 minutt. Går du utover det, kan du risikere å bli avbrote. Kanskje din faglærer synes det er ok at du får halde på litt lenger? Avklar dette før du lager presentasjonen. Ofte er ikke problemet at ein har for lite stoff, men at ein har for mykje på hjartet.
  • Det står i reglane at presentasjonen (f.eks. powerpointen) ikke er ein del av vurderingsgrunnlaget. Her er ein kanskje engstelig for at nokre får mye hjelp til å lage flotte presentasjonar? Når det er sagt, vil ein slurvete presentasjon full av skrivefeil, gi eit inntrykk av at eleven ikke har førebudd seg skikkeleg. Bruk alt du har lært om presentasjonsteknikk og det å framføre, og lag ein fin presentasjon - utan skrivefeil.
  • Normalt er det faglærar som eksaminerer. Sensoren skal kome frå ein annan skule.
  • Munnleg eksamen kan opplevast ubehageleg, nesten som eit forhør. I reglane til Udir. står det imidlertid at spørsmåla som vert stilt, skal gi deg høve til å vise kompetanse, og sensor skal lete etter det du kan, ikkje det du ikkje kan. Spørsmåla og samtalen skal imidlertid vere knytta til temaet eller problemstillinga du har presentert.
  • Ordninga med 24 timers førebuingstid og påfølgjande presentasjon gjeld i utgangspunktet ikke privatistar, men det er i så fall opp til den einskilde fylkeskommune å avgjere om ein ynskjer at også privatistar skal ha ordninga med presentasjon.