Oppgåve

Ergonomi i arbeidet

Publisert: 05.05.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Kvinneleg kokk ber ein stabel med gryter. Foto.   

Ergonomi er meir enn variert og god kroppsbruk. I arbeidssamanheng er desse forholda viktige: Kva slags arbeidsutstyr ein brukar, utforminga av arbeidsplassen, korleis arbeidet blir utført, tilgjengelege hjelpemiddel, organisering av arbeidsoppgåver, syns-, støy- og klimaforhold, og arbeidsmiljøet.

For å ta vare på helsa bør ein ha kunnskap om korleis ein kan unngå belastingslidingar ved å bruke gode ergonomiske prinsipp.

 

 

Oppgåve

Klassen blir delt inn i grupper på fire. Kvar gruppe skal lage ei digital framstilling av ergonomiske utfordringar i arbeidet, anten på kjøkkenet eller i serveringssalen.

 

  • Gruppa kan velje å lage ein film, eller ein presentasjon med bilete.
  •  Framstillinga skal vise praktiske døme på kva som som er god ergonomi, og kva som ikkje er god ergonomi.
  • Alle gruppene skal framføre arbeidet sitt for dei andre.

 

 

Relatert innhald

Oppgåve