Fagstoff

Bordoppsett

Publisert: 21.04.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Hugselappen:

Ved val av bordtypar må du ta omsyn til:

  • storleik og form på rommet som skal brukast
  • kva slags anledning bordet skal brukast til
  • talet på gjester
  • meny og serveringsmåte

 

Et elegant oppdekket bord med hvit duk og grønne stoler. Foto.Elegant dekka bord

Bordet må alltid passe til anledninga. I eit fint selskap som bryllaup bør gjestene sitje slik at flest mogleg kan sjå kvarandre. Jo finare anledninga er, desto viktigare er det med eit veleigna bord.

Rektangulært bord

Eit rektangulært bord er avlange bord som er sette saman til eit selskapsbord. Dersom bordet blir for langt, kan det verke som ein smal tarm. Denne bordtypen gir dårleg plass til bordpynt. Han passar til større enkle selskap, for eksempel servering av kurs- og konferansegjester.

vilde av rektangulært bordoppsettBordoppsett - rektangulært bord 

Kongebord

Kongebord er eit rektangulært bord sett opp i dobbel breidd. Bordet blir luftig, med god avstand mellom bordsidene. Denne bordtypen gir god plass til bordpynt. Kongebord blir ofte brukte i elegante selskap med mellom 18 og 30 gjester. 20 gjester på eit kongebord er det ideelle.

bilde av kongebordoppsettBordoppsett - kongebord 

Ovalt bord

Eit ovalt bord er rektangulære bord i dobbel breidd med eit halvsirkelforma bord i kvar ende. Denne forma for bordoppsetjing får ei mjukare avslutning og eit meir høgtidleg preg. Det passar til elegante selskap på mellom 10 og 28 personar.

bilde av et ovaltbordoppsettBordoppsett - ovalt bord 

Utstikkarbord

Denne forma for bordoppsetjing finst i fleire variantar som:

  • U-bord, òg kalla hestesko
  • E-bord
  • Kambord

 Denne forma for bordoppsetjing blir brukt i større selskap. Ved eit kambord kan det dekkjast opp til fleire hundre gjester.

bidle av utstikkerbord bordoppsettBordoppsett - utstikkerbord 

Relatert innhald

Generelt