Hopp til innhald

Fagstoff

Arbeidsfolk fortel: Rallaren

Tidleg på 1900-talet vart det bygd jarnbaner, kraftverk og industribyar. Arbeidarane var ofte svenske rallarar eller sluskar. Dei reiste rundt frå anlegg til anlegg og arbeidde. I fleire bøker er nokre av historiene til desse anleggsarbeidarane fortalde. Vi skal sjå på nokre av desse historiene.
Rallar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ord og uttrykk frå industrihistoria i Noreg

Då historikaren Edvard Bull samla intervju av arbeidsfolk på 1950-talet, kalla han boka for «Renhårig slusk». Kva tyder denne tittelen? «Renhårig» er eit rosande adjektiv som betyr ein ærleg person som seier frå når han tykkjer noko er urettferdig. «Slusk» tyder ein profesjonell anleggsarbeidar frå tida før den første verdskrigen. Slusken karakteriserer den rotlause arbeidaren som aldri var lenge på éin stad. Frå først av var ordet sikkert eit skjellsord, men anleggsarbeidarane tok det opp sjølv, og brukte det stolt som yrkesnamn. Ein slusk seier: «Den ordentlige slusken kunne nok lage til litt trubbel, kunne gi noen blå auer, men om morran var alt glømt, og gutta var like gode busser.»

Ordet «bus» betyr det same som slusk. Rallar er eit tredje ord for anleggsarbeidaren. Det er svensk og det vanlegaste omgrepet når vi omtalar anleggsarbeidarane på tidleg 1900-tal i Noreg.

Arbeidslag skinnelegging på jernbane, ca 1900. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kven var rallaren?

På 1950-talet reiste Alf Mostue (1911–1998) frå Notodden land og strand rundt og intervjua gamle anleggsfolk. Ut ifrå det materialet han samla, kan vi danne oss eit godt bilete av det vi kan kalle spesialisten på fjell og stein; rallaren.

Mange rallarar var søner av husmannsfolk. Det vil seie at dei kom frå små og fattige plassar som låg under større gardar, og der husmannen hadde arbeidsplikt. Rallaren kom sjeldan tilbake til heimen sin, og kontakten med familien der var som regel liten. Dei var på veg ut av eit fattig og underkuande miljø, og ville skape seg ei anna framtid. Om rallaren fann ut at arbeidstilhøva var dårlege, kunne han pakke saman dei få sakene han eigde og dra til andre anlegg. Det var til område av landet der det vart bygd jarnbane, kraftverk og industribyar, som t.d. Rjukan og Notodden. Respekten for sjefane trong derfor ikkje vere særleg stor. Det er ei forteljing om ein rallar som klaga til ingeniøren på lønna, og der ingeniøren svarte med å seie at dei fekk arbeide hardare. Rallaren svara: «Hvis ingeniøren tror at det er någon som arbetar hårdare enn vi, så skal jeg sleike insjeniøren i asjhullet til han gråter».

Arbeidslag ved Aktieselskapet Sydvaranger under anleggstiden 1907. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Anleggsarbeidet var hardt. Det fanst nesten ikkje maskiner, og armar og rygg måtte stå for dei tunge taka. Det fanst rett nok reglar om korleis ein skulle gjere arbeidet, men arbeidet gjekk som regel raskare når ein unngjekk regelverket. Om vinteren kunne rallaren ha problem med dynamitten. Dynamitten fraus og måtte tinast. Det fanst spesielle «tinarar» til dette, men det vart brukt meir fantasifulle metodar, som å stappe dynamitten på kroppen og tine han der. Så var det ladningar som ikkje hadde gått av. Sprenginga kom på feil tidspunkt, eller dei bora i gamle hol der leidningar låg att. «Østerdals-Erik» skulle reinske eit gamalt hol, og då small det. Gamlingen fòr som ei flaggermus gjennom lufta, og han var daud som ei sild med ein gong, kunne Olaf Hovind fortelje. Ventilasjonen i tunnelane var også elendig. Det var støv og dynamittrøyk, og mange vart sjuke av det.

Butilhøve

Arbeidsbrakke. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Då dei bygde jarnbane gjennom dei store dalstroka i landet vårt, til dømes Bergensbanen, fekk rallaren ofte eit husrom hos bøndene. Der kunne dei ha det relativt bra. Men når arbeidet føregjekk utanfor allfarveg, måtte dei ta til takke med brakker. Det var enkle bordhytter kledde med papp. Dei var tronge og kalde. Torkel O. Sem fortel: «På Svelgfoss bodde vi i brakker. Det var et fælt grisehøl, for vi lå seksten mann på et rom, to og to i køyene. Lus og møkk var det nok av.»

Det var også eit problem med kakerlakkar, men dei gjekk på maten og ikkje på folk. Desse smådyra vart dei kvitt ved hjelp av ei bøtte med vatn og klorkalk. Dører og vindauge vart tetta. Etter eit par dagar sopa dei kakerlakkane opp i ein kasse.

I brakka laga og åt dei måltida. Vått tøy vart tørka i det same rommet, og her skulle dei sove, og om mogleg, ha eit privatliv. Saman med 15-20 hardbarka karar, budde det også gjerne ei kokke der. Om ho var heldig, hadde ho eit krypinn for seg sjølv, men ofte hadde ho berre eit forheng mellom seg og karane.

Fest og moro

Laurdagskvelden ville rallaren slappe av og få seg ein fest. Det var nok av folk som hadde sprit å selje til rallarane. Spritseljaren vart ofte kalla for «gauken» og sjølve handelen vart kalla for «gauking». Det var ulovleg å selje denne ofte heimebrende spriten, men det var lite politiet fekk gjort med pågåande og oppfinnsame seljarar. Ofte kunne festane ta ei dramatisk vending. Blod og sprit flaut i rikelege mengder, blir det fortalt. Frå Sulitjelma har vi denne rapporten: «…Ofte måtte kokka rømme og lå i gruvegangen om natta når slagsmåla rasa som verst, og det var ikke bare folk det gikk utover, men også inventaret. Komfyrer, vinduer og dører ble slått i sund og kasta utover».

Ulykker

Ulykker kunne råke hardt. Det fanst ikkje forsikringsordningar. Etter ei ulykke vart det derfor ofte organisert ei pengeinnsamling på brakka, og då viste rallaren solidaritet og gav frå lønningsposen sin, i visse om at neste gong kunne det vere han som vart krøpling etter ei ulykke på anlegget.

Kjelder:

  • Edvard Bull: Renhårig slusk. Norsk folkemuseums serie: Arbeidsfolk forteller. Tiden Norsk Forlag, Oslo, 1961
  • Hallgrim Høydal: Rallaren. Artikkel i Telen 1983.
CC BY-NC-SASkrive av Anne Haugen Wagn.
Sist fagleg oppdatert 31.10.2017

Læringsressursar

Omarbeiding og flytting av lausmassar