Fagstoff

Ergonomi

Publisert: 05.05.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Hugselappen

  • Ergonomi er læra om korleis vi best mogeleg kan tilpasse arbeidsoppgåvene og arbeidsmiljøet til mennesket.

To kokkar som arbeider på eit kjøkken. Foto.  

Kvinneleg kokk ber ein stabel med gryter. Foto.Når ein ber tungt er det viktig å bruke rett bereteknikk.  
Arbeidstilsynet om ergonomi, helsekonsekvensar og Generelt om førebygging av muskel- og skjelettplager 

 

Ei dame held handa si på ein vond nakke. Foto.Feil arbeidsteknikk kan føre til muskel- og skjelettplager.  


Arbeidsmiljølova §4-6 – om tilrettelegging for arbeidstakarar med redusert arbeidsevne   

Med ergonomi meiner vi her samspelet mellom arbeidsmiljøet, teknologien og mennesket. God ergonomi førebyggjer mot sjukdom og belastningsskadar hos dei tilsette.

Det er sunt å belaste kroppen og nødvendig å røre på seg.

Derimot er det eit mål å redusere feilbelastningar og monotone, stadig gjentekne rørsler. Tungt og einsformig arbeid er spesielt uheldig.

"Dårlige ergonomiske forhold i arbeidsmiljøet er blant de viktigste årsakene til sykdom og fravær. Om lag halvparten av sykefraværet (iflg. Rikstrygdeverket) og store deler av uføretrygdingen skyldes muskel-/skjelettlidelser. Dette koster samfunnet over 25 milliarder kroner årlig (pr. 2000). I mange bransjer vil ansatte med muskel-/skjelettlidelser bli uføretrygdet, ofte etter perioder med langtidssykemeldinger. Både arbeidstakerne selv, arbeidsmiljøet og økonomien i virksomheten ville tjene mye på at disse medarbeiderne kunne fortsatt å være yrkesaktive". Kilde: www.arbeidstilsynet.no 11/2008

 

Ergonomi i arbeidet

Ergonomi er meir enn variert og god kroppsbruk. I arbeidssamanheng er desse forholda viktige: Kva slags arbeidsutstyr som blir brukt, arbeidsplassutforminga, korleis arbeidet blir gjort, hjelpemiddel som er tilgjengelege, organisering av arbeidsoppgåver, syns-, støy- og klimaforhold og arbeidsmiljøet.

Ergonomisk tenking er å vurdere alle desse forholda og sjå korleis dei påverkar arbeidsdagen. Arbeidsutføringa, maskinar og utstyr må tilpassast den enkelte arbeidstakaren. Arbeidstakaren må på si side tilpasse seg arbeidet.


Lær meir om ergonomi på fagsidene til kroppsøving:





 

Oppgåver