Fagstoff

Arbeidsmiljølova

Publisert: 05.05.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Hugselappen:

  • Arbeidsmiljølova skal sikre at tilhøva på arbeidsplassen er tilfredsstillande.

Servitør og kokkeelever inne på et kjøkken. Foto.

Arbeidsmiljøet er dei omgivnadene du arbeider i. Med arbeidsmiljø meiner vi både det fysiske og psykososiale arbeidsmiljøet. Eit godt arbeidsmiljø er viktig for at du skal trivast, både på skulen og på arbeidsplassen. Eit eige lovverk, arbeidsmiljøloven, skal sikre at arbeidstakarar har eit tilfredsstillande arbeidsmiljø.


Ei rekkje av kokkar som sit utanfor ein restaurant og har spisepause. Foto.Arbeidsmiljølova sikrar at ein får pausar i arbeidstida, avhengig av kor lang arbeidsdag ein har. 

 


Leande kokkDet er viktig at ein opplever arbeidsplassen som ein triveleg stad å vere. 

 

Byggmester Bob med høyrselsvern. Foto.Arbeidsmiljølova skal sikre at fysiske arbeidstilhøve blir varetekne. Ein skal m.a. ha tryggleik mot fysiske skadeverknader som høyrselsskadar.  

Fairtrade logo. Foto.Bedrifta har òg eit ansvar for at produksjonen blir innretta etisk, forsvarleg og med omsyn til miljøet.    

Føresegnene i arbeidsmiljølova

Arbeidsmiljølova inneheld reglar om kva som er tillate for at ein arbeidsplass skal vere godkjend. Arbeidstilsynet følgjer opp lovverket. Dersom ein arbeidsplass ikkje tilfredsstiller krava, og arbeidstakarane vert utsette for risiko, kan arbeidstilsynet kome med pålegg om forbetringar til bedrifta.

VIktige punkt i lovverket er:

  • Arbeidsmiljølova pålegg bedrifter å ha eit systematisk HMT-arbeid (HMT = helse,miljø og tryggleik). Dette vert kalla internkontroll. Det skal verke førebyggjande og er regulert gjennom lov.
  • Brot på arbeidsmiljølova kan medføre alvorlege konsekvensar for både arbeidsgivar og arbeidstakar. 
  •  Det er arbeidsgivar sitt ansvar å sjå til at arbeidsmiljølova vert følgd.

Arbeidsmiljølova skal sikre at tilhøva på arbeidsplassane er tilfredsstillande. Verneombodet er talerøyr for dei tilsette på arbeidsplassen, mens Arbeidstilsynet er eit offentleg organ som skal sjå til at bedriftene driv verksemdene forsvarleg.

Arbeidsmiljølova (2006) skal også sikre at fysiske tilhøve som luft- og lystilhøve blir teke omsyn til, og at ein får pausar i arbeidstida. Det bør herske ein god tone på arbeidsplassen. Ingen arbeidstakarar skal kjenne seg mobba, og dei tilsette skal bli høyrde og tekne omsyn til av leiaren sin. Arbeidstakarane har også medråderett på arbeidsplassen. Eit verneombod skal etter arbeidsmiljølova følgje med på om dette blir teke hand om.

Verneombod

Verneombodet fungerer som talerøyr på arbeidsplassen i saker som vedkjem arbeidsmiljøet. I bedrifter med meir enn 50 tilsette skal ein ha eit arbeidsmiljøutval der både tilsette og leiinga er representerte.

Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet er ein statleg etat, underlagt Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Oppgåva til etaten er å føre tilsyn med at verksemdene følgjer krava i arbeidsmiljølova. Det overordna målet for verksemda til Arbeidstilsynet er eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø for alle, med trygge tilsettingsforhold og meiningsfylt arbeid for den einskilde.

Kontrollørane frå etaten kan komme umelde på bedriftsbesøk for å sjå til at føresegnene i arbeidsmiljølova blir etterlevd, og har fullmakt til å bøteleggje bedrifter som ikkje følgjer opp pålegg frå Arbeidstilsynet.

Arbeidsmiljølova har som formål:

 

• å sikre eit arbeidsmiljø som gir grunnlag for ein helsefremjande og meiningsfylt arbeidssituasjon, som gir full tryggleik mot fysiske og psykiske skadeverknader, og med ein velferdsmessig standard som til ei kvar tid er i samsvar med den teknologiske og sosiale utviklinga i samfunnet

• å sikre trygge tilsetjingsforhold og likebehandling i arbeidslivet

• å leggje til rette for tilpassingar i arbeidstilhøvet i samsvar med kvar einskild arbeidstakar sine føresetnader og livssituasjon

• å gi grunnlag for at arbeidsgivar og arbeidstakarane i verksemdene sjølve kan vareta og utvikle arbeidsmiljøet sitt i samarbeid med partane i arbeidslivet og med nødvendig rettleiing og kontroll frå offentleg styresmakt

• å medverke til eit inkluderande arbeidsliv

 

Kjelde: Arbeids- og inkluderingsdepartementet