Fagstoff

Alkohollova

Publisert: 05.05.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Hugselappen:

  • For å selje, skjenkje eller produsere alkohol må ein ha eit løyve.
  • Eit løyve vil seie at ein har fått ei godkjenning frå kommunen.

To bartenderar lagar drinkar og tek imot betaling. Foto.  
Alkohollova har til formål å regulere innførsel og omsetning av alkoholhaldige varer, for i størst mogleg grad å avgrense dei skadane alkoholbruk kan føre med seg, både inviduelt og for samfunnet.

Det er aldersgrenser også for dei som serverer alkohol.Det er aldersgrenser også for dei som serverer alkohol.    

Lenkjer

Alkohollova: www.lovdata.no - alkohollova   og

Rettleiing i sals- og skjenkjekontroll  

 

VinmonopolDet er staten ved Helse- og omsorgsdepartementet som eig Vinmonopolet. Selskapet har nasjonalt monopol på butikksal av vin, brennevin og sterkøl.  

SkjenkingSkjenking 

Kommunestyret kan inndra løyvet.Kommunestyret kan inndra løyvet.   

AlkoholproduksjonAlkoholproduksjon  

Gammal norsk reklame for øl. Foto.Gammal norsk reklame for øl. Det er ikkje lenger lov til å reklamere for alkoholhaldige varer.  

Lenkje
Kampanje mot vennelanging: vennelanging.no 

 

Oppgåve
Diskuter kjøp av alkohol til unge under aldersgrensa. Kor utbreidd meiner klassen dette er?

Definisjon av alkoholhaldig drikk

I alkohollova er alkoholhaldig drikk ei samnemning på drikker som inneheld meir enn 2,5 volumprosent alkohol. Det er likevel slik at det også er aldersgrense på drikker som inneheld mellom 0,7 og 2,5 volumprosent alkohol.

Med brennevin meiner vi ein drikk som inneheld tilverka alkohol ublanda eller blanda med andre produkt. Alle drikker som inneheld 22 volumprosent alkohol eller meir, blir rekna for brennevin.

Lova gjeld ikkje alkohol som blir seld, kjøpt, levert ut eller send til medisinsk, teknisk eller vitskapleg bruk, eller sprit til desinfeksjonsbruk.

Definisjon av sal og skjenking

Med sal meiner vi overdraging av alkoholhaldig drikk til forbrukarar for drikking utanfor salsstaden.

Skjenking er sal for drikking på salsstaden.

Skjenkjerett

Sal, skjenking og tilverking av alkoholhaldig drikk kan berre skje på grunnlag av skjenkjerett (skjenkjeløyve).

Aldersgrense

Sal, skjenking eller utlevering av alkoholhaldig drikk med 22 volumprosent alkohol eller meir må ikkje skje til nokon som er under 20 år. 

Sal, skjenking eller utlevering av alkoholhaldig drikk med lågare alkoholinnhald enn 22 volumprosent må ikkje skje til nokon som er under 18 år.

Kilde: Aftenposten 20.12. 2011 Kjelde: Aftenposten 20.12.2011 

Den personen som sel, leverer ut eller skjenkjer alkoholhaldig drikk med 22 volumprosent alkohol eller meir, må ha fylt 20 år. Den som sel, leverer ut eller skjenkjer annan alkoholhaldig drikk, må ha fylt 18 år.

Dette gjeld likevel ikkje servitørar med kokke- eller servitørfagbrev, eller ved salg av drikk som inneheld mellom 0,7 og 2,5 volumprosent alkohol, når ein person over 18 år har dagleg tilsyn med salet.

Løyveperioden

Kommunalt løyve (godkjenning) til å selje alkoholhaldige drikker med høgare alkoholinnhald enn 4,7 volumprosent kan givast for fire år om gongen.

Inndraging av sals- og skjenkjeløyve

Kommunestyret kan i løyveperioden inndra eit løyve for resten av perioden eller for stuttare tid dersom vilkåra ikkje lenger er til stades.

Under vurderinga av om løyvet bør dragast attende, og for kor lenge, legg ein vekt på type misferd, kor grov misferda var, om løyvehavaren er å klandre for misferda, og kva som er gjort for å rette opp tilhøvet. Ein kan òg leggje vekt på tidlegare praktisering av skjenkjeretten.

Eit skjenkjeløyve kan òg dragast attende dersom det stadig skjer narkotikaomsetning på skjenkjestaden, eller dersom det ved skjenkjestaden stadig skjer diskriminering av grunnar nemnde i straffelova.

Tilverking av alkoholhaldig drikk

Produksjon av alkoholhaldig drikk kan berre skje på grunnlag av løyve gitt av departementet. Løyveplikta gjeld ikkje tilverking til eigen bruk av alkoholhaldig drikk som ikkje er brennevin.

Ulovleg kjøp

Det er forbode å kjøpe alkoholhaldig drikk med 22 volumprosent alkohol eller meir på vegner av nokon som er under 20 år, eller annan alkoholhaldig drikk til nokon som er under 18 år.

Reklame for tilverkingsmiddel for alkoholhaldig drikk

Det er ikkje lovleg å annonsere eller stille ut apparat – eller delar og utstyr – som kan nyttast til produksjon eller destillering av sprit, brennevin eller isopropanol.

Det er forbode å oppmode til ulovleg produksjon eller destillering av sprit, brennevin eller isopropanol eller å gi rettleiing om dette.

Det er forbode å reklamere for stoff som er meinte for tilsetjing til alkoholhaldig drikk. Det same gjeld oppskrifter og apparat til å framstille slike drikker.

Reklame for alkoholhaldig drikk

Reklame for alkoholhaldig drikk er forboden. Forbodet gjeld også reklame for andre varer med same merket eller kjenneteiknet som drikk som inneheld over 2,5 volumprosent alkohol. Slike varer må heller ikkje vere ein del av reklame for andre varer eller tenester.