Hopp til innhald

Fagstoff

Gasslekkasje i open ventil

Kan ein følgje alle planar utan å tenkje? Boring, prosess og produksjon er ulike ansvarsområde med ulike risikomoment, og då må jobben diskuterast i detalj før oppstart. I denne videoen ser vi kva som kan skje når dokumentasjonen ikkje er riktig, og personen ikkje ser konsekvensane av feilen.
Ein arbeidar med hjelm og oransje drakt studerer ei teikning av ein installasjon og samanliknar ho med to ventilar på veggen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det skal gjennomførast ein brønnserviceoperasjon i ein brønn.

Refleksjon

  • Tenk deg at du skal delta i eit brønnserviceoppdrag – kva bør du vite om status i brønnen?

  • Kvifor er det vanskeleg å planleggje ein jobb med kollegaer som jobbar i ein annan modul/seksjon?

  • Kvifor er det viktig å ha innsikt i heilskapen for oppdraget?
  • Kva er ei "verifisering"?
CC BY-SASkrive av Sissel Paaske og Samarbeid for Sikkerhet. Rettshavar: Cerpus AS
Sist fagleg oppdatert 15.07.2021

Læringsressursar

I djupna på: HMS-kultur