Oppgåve

Oppgåve: sal av produkt

Publisert: 20.04.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Sparegris med penger.Når ein sel eit produkt skal ein komme ut i pluss.

I denne oppgåva skal du ta for deg eit produkt du har laga i produksjon eller yrkesfagleg fordjuping, og finne ut kor mykje du kan selje produktet for.

Arbeidsform: Individuell eller gruppe på 2

Tid: 3-5 skuletimar

Teori: Priskalkyle 

Før du byrjar på sjølve oppgåva, må du finne eit produkt du har laga i anten produksjon eller yrkesfagleg fordjuping.

Oppgåve

  1. Lag ei liste over dei materiala du har brukt på å lage produktet, og rekn ut kor mykje det har kosta (= varekostnad).
  2. Ta utgangspunkt i at du tener 110,- kr i timen; finn ut ca. kor mykje tid du har brukt på oppgåva, og rekn ut kor mykje du ville ha tent for å lage produktet (= indirekte kostnadar).
  3. Når ein sel eit produkt ein har laga, er det vanleg å legge til litt ekstra på salsprisen for å tene pengar. I denne samanhengen skal du rekne ut 20% i forteneste ut frå sjølvkosten (= forteneste).
  4. Sett opp ein rekneskap med utganspunkt i sjølvkostkalkylen. Bruk tala du har kome fram til i punkta over. Kva blir salsprisen?

Selvkostkalkyle. Bilde.Sjølvkostkalkyle. 

Kompetansemål

 

 Innlevering og vurdering av:

  • Utrekningar rundt punkta 1-3
  • Ferdig rekneskap (sjølvkostkalkyle), punkt 4
Relatert innhald

Aktuelt stoff