Hopp til innhald

Fagstoff

Målingar før du set ei fordeling i drift

Før du set ei fordeling i drift, er det viktig å sjekke at alt fungerer. Då må du gjere ulike målingar. Her viser og beskriv vi korleis du kan gjere desse målingane.
Elektrikar måler elektrisitet i ei vegglampe. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kontinuitetsmåling

Når vi gjer ei kontinuitetsmåling, måler vi motstanden i alle jordingspunkt. Dette bør du gjere med eit måleinstrument som har ein målestraum på minimum 200 mA (0,2 A), slik at du kan oppdage eventuelle dårlege tilkoplingar. Du kan til dømes bruke ein Fluke 1664 FC multifunksjonell installasjonstestar eller liknande. Måleresultatet kjem heilt an på leiarmaterialet (Al, aluminium eller CU, kobbar) og lengda på kabelen. Sjå døme under.

Dersom du trekkjer ein 1,5 mm leidning på 5 meter, vil forventa måleresultat bli R_l=(ρ*l)/A=(0,0175*5)/1,5=0,058Ω (ohm). Viss du i ein einebustad får eit måleresultat på over 0,5 Ω, vil det med andre ord bety at kabelen er særs lang, eller at du har éi eller fleire dårlege koplingar.

Isolasjonsmåling

Formålet med isolasjonsmåling, også kalla megging, av installasjonen er å kontrollere at anlegget/installasjonen er «tett». Til denne målinga må vi bruke eit instrument som har ei testspenning på 500 V (til ein vanleg husinstallasjon). Målinga blir gjort mellom jord og alle fasar. Før du begynner målinga, må du skru av spenninga (hugs to barrierar). Dersom det er montert overspenningsvern, må du dessutan ta ut desse, sidan dei vil medføre feil måleresultat viss dei blir ståande tilkopla. Du kan velje å måle heile installasjonen samtidig, eller du kan ta éin og éin kurs (avgang). Måleresultatet skal ikkje vere under 1 MΩ (1 000 000 Ω). Dette kravet gjeld per kurs.

Spenningsmåling

Når vi har gjennomført kontinuitets- og isolasjonsmåling, og desse er i orden, kan vi halde fram med spenningsmåling. Formålet med spenningsmåling er å kontrollere at alt utstyret får riktig spenning, og at alle stikkontaktar har riktig spenning. Spenningsnivået vi skal ha i ei fordeling med ei nominell spenning på 230 V, skal liggje mellom 207 og 253 V.

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen og Rodney Årnes.
Sist fagleg oppdatert 21.03.2018

Læringsressursar

Fordelingsskap