Oppgåve

Oppgåve: skriftleg vurdering av produkt

Publisert: 20.04.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Designer Leila HafziVurdering av eit produkt.

Nedanfor er det laga eit forslag til eit oppsett,der ein vurderer ei oppgåve og/eller eit produkt. Målet er at eleven skal reflektere rundt dei vala som er gjort undervegs i prosessen, og eleven skal levere ei skriftleg vurdering som er presentert på ein enkel og strukturert måte.

Arbeidsform: Individuell

Tid: 3 skuletimar

Teori: Vurdering 

Oppgåve; skriftleg vurdering

Nedanfor er det 4 punkt som skal vere med i den skriftlege delen. Ein må sjølv vurdere om noko ikkje passar inn i oppgåva.

  1. Framside

    • Namn på oppgåva
    • Fag
    • Bilete av ferdig produkt
    • Namnet ditt, skule, linje, dato/ årstal
  2. Innleiing

    • Her skal du skrive kort rundt kva oppgåve du har arbeidd med og kva denne har gått ut på, kva periode du har jobba med oppgåva og eventuelt kva kompetansemål som ein vurderer oppgåva opp mot.
  3. Hovuddel

    • Forklar kva du har gjort i oppgåva.
    • Reflekter over eige (eller andre sitt) arbeid. Ta for deg farge, form, komposisjon, materiale, teknikkar, verkty og maskiner som er brukte opp mot oppgåva.
    • Sett gjerne inn biletdokumentasjon av prosessen inn i det skriftlege, om dette er relevant.
  4. Avslutning

    • Finn fram til eigne utviklingsbehov
    • Kva har du lært som du kan bruke i andre samanhengar?
    • Kva kunne vore gjort annleis?

Vurdering

Kompetansemål

  • Reflektere over og vurdere eige og andre sine arbeid som grunnlag for å tolke trendar og finne fram til eigne utviklingsbehov (Vurderingskriterie)

 Innlevering og vurdering av:

  • Skriftleg del med alt innhald i oppgåva over
Relatert innhald

Oppgåve