Fagstoff

Spelereglar i arbeidslivet

Publisert: 05.05.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Håndhilsing. Foto.   Her kan du lese om kva rettar og plikter ein arbeidstakar har.

Rettane og pliktene til ein arbeidstakar

I arbeidslivet er det ei rekkje lover og reglar som gjeld – uansett kva jobb ein har. Nokre reglar er bestemte av arbeidsgivar, andre av styresmaktene, og alle reglane vil angå deg som arbeidstakar. Men du kan vere med å bestemme utforminga av arbeidsplassen din. Det handlar om å delta og å vise engasjement. Her skal vi sjå på nokre forhold du som fersk arbeidstakar vil møte i jobbsamanheng.