Hopp til innhald

Fagstoff

Kven fann eigentleg opp telefonen?

Dersom du fordjupar deg i mediehistoria vil du sjå at fleire personar har tenkt ut same teknologi omlag på same tid.
Graham Bell snakkar i telefon for fyrste gong. Handkollorert fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Graham Bell eller Antonio Meucci?

Alexander Graham Bell blir i mediehistoria ofte kreditert som personen som fann opp telefonen. Grunnen er at det var han som i si tid fekk patent på denne oppfinninga. Men enkelte hevdar at Bell stal patentsøknaden til ein annan oppfinnar på 1800-talet, italienaren Antonio Meucci. I 2002 anerkjende den amerikanske kongressen Meucci som den rettmessige oppfinnaren av telefonen.

Geniale tankar oppstår gjerne på same tid

Portrett av Antonio Meucci. Tegning.

Antonio Meucci (1808–89) arbeidde som sceneteknikar på teateret i den italienske byen Firenze. For å kunne kommunisere med dei andre sceneteknikarane brukte han ein enkel røyrtelefon. Seinare fann han ut at ein kunne formidle ei menneskerøyst gjennom ein koppartråd frå eit rom til eit anna. Som så mange andre italienarar i si tid emigrerte Meucci til USA. Her vidareutvikla han oppfinninga si og laga prototypar som blei kalla «teletrofono». (Kjelde: Store norske leksikon)

På same måte som Meucci forsøkte også den tyske oppfinnaren Philipp Reis, amerikanaren Elisha Gray og engelsk-amerikanaren Alexander Graham Bell å utvikle tekniske løysingar for overføring av lyd. Graham Bell var spesielt oppteken av å finne tekniske måtar å overføre lyd på, sidan både mor hans og kona hans var døve.

Antonio Meucci kom ut for ei alvorleg ulukke som gjorde at han blei tvungen til å selje prototypane sine til Western Union laboratory. Her skal Alexander Graham Bell ha fått tilgang til patentsøknaden, noko som endte med at han registrerte oppfinninga i sitt namn. Graham Bell utvikla deretter eit telefonapparat som ein faktisk kunne ta i bruk som kommunikasjonsmiddel.

Kampen om heider og ære

Utvikling av nye tekniske løysingar skjer ofte parallelt i ulike deler av verda, og ein er derfor ikkje alltid samde om kven som fortener heider og ære når ei ny oppfinning ser dagens lys. Det store britiske oppslagsverket Encyclopædia Britannica krediterer for eksempel framleis Alexander Graham Bell som oppfinnar av telefonen, det same gjer langt på veg den engelskspråklege utgåva av Wikipedia. Italienske oppslagsverk krediterer Antonio Meucci. Det same gjer norske Wikipedia og Store norske leksikon.

Mafiafilmar som Gudfaren del III og Sopranos hyllar italiensk-amerikanske Antonio Meucci som oppfinnaren av telefonen. Filmane speglar ein kamp om heider og ære mellom ulike innvandrargrupper i USA, der italienske innvandrarar har kjent seg utnytta og bedratt. Engasjementet er også stort i dei landa oppfinnarane ein gong utvandra frå. Den dag i dag går diskusjonen om Meucci contra Graham Bell heftig i debattforum på Internett.

Sjå YouTube-klippet The Sopranos - Italian Dinner Discussion

Les gjerne også artikkelen Genier går sjelden alene på aftenposteninnsikt.no

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 30.05.2017

Læringsressursar

Mediehistoriske tidslinjer (fordjuping)