Fagstoff

Marknadsføring på nett

Publisert: 23.03.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Hugselappen:

Marknadsføring gjennom ulike kanalar på internett er ein effektiv måte å kommunisere med kunden på.

Person som skriver på laptop  

Mange elevar på yrkesfag vel å starte ei eiga elevbedrift, og må finne måtar å marknadsføre seg på. Ein vanleg metode er å bruke internett. Bedrifta kan marknadsføre seg ved hjelp av ei eiga nettside, via Facebook, Twitter eller gjennom ein blogg. Uansett kva slags medium du vel, kan desse tipsa vere nyttige:

 

sosiale mediumMarknadsføring gjennom sosiale medium er billeg og effektivt!   

Bilete av Mari Mushom som har ein eigen matblogg. Foto.Mari Mushom skriv ein kakeblogg og har mange hundre treff kvar dag.   

Bilete av to kokkar på ein båt. Foto.Eit bilete seier meir enn tusen ord! Ikkje vanskeleg å vite kva slags mat desse kokkane lagar.  

 

Bruk mange og gode bilete!

Eit bilete seier ofte meir enn 1000 ord, og bilete er ein fin måte å vise fram kva slags verksemd det er, kva ein sel og kva for profil ein har. Di fleire bilete, di meir informasjon får kunden og di meir vil kunden bli freista til å prøve produktet dykkar. Hugs at bileta må vere av god kvalitet, og vere enkle å finne på nettsida.

Kva kan de tilby?

Har de ein eigen meny, legg denne ut slik at gjestene kan sjå kva de har å tilby. Kva er dagens tilbod? Her kan du gi ei god forklaring av rettane og prisnivå. Har de andre tilbod, som catering, gruppeprisar og liknande kan dette òg kome fram her. Sei ifrå til kundane at du har endra menyen, så dei ser at det er skjer nye ting. Hugs at når ein skiftar menyen i verksemda, må ein òg skifte han ut på nettet. Gjestene kan bli skuffa om dei les ein freistande meny, som viser seg å vere ein annan i restauranten. Lag gjerne menyen slik at han kan skrivast ut.

Kokkens tips

Bli gjerne ein ressurs for kundane dykkar, og gi dei gode tips og råd om oppbevaring og tillaging av mat, gode kombinasjonar, drikketips og liknande. Oppskrifter for kvar dag eller kvar veke som kundane kan prøve seg på.

Rabattar

Gi kundane dykkar ei påskjønning for at dei følgjer dykk på nettstaden, og gi dei nokre eksklusive rabattar som de legg ut som «Dagens tilbod», «Denne veka» og så vidare.

Konkurransar

Alle elskar konkurransar. Arranger ulike konkurransar som kan gi bedrifta meir merksemd. Døme: Lik og del konkurransar, der de trekkjer ut ein heldig vinnar av eit gåvekort.

Gi gjestene veiskildringar

Sjølv om gjestene har funne fram til nettsida eller bloggen, er det ikkje sikkert dei veit kvar dei kan finne deg. Gode veiskildringar, anten ein kjem til fots eller med bil kan vere lurt. Legg gjerne ved eit kart. Beskriv parkeringsmogelegheiter, og eventuelle kollektivtilbod. Oppgi gjerne opningstider.

La kontaktinformasjonen vere godt synleg

Kontaktinformasjon som telefonnummer og e-post må liggje godt synleg og vere enkelt å finne. Kundar som må anstrenge seg for å finne kontaktinformasjonen gir gjerne opp og finn nokon andre i staden. Dersom bedrifta er til stades på andre medium, kan ein også nemne dette her.

Gi ei fyldig skildring av kva bedrifta står for og kven de er.

Her kan ein godt beskrive kven som jobbar i bedrifta, og kva slags idé verksemda er bygd opp rundt. Satsar de på økologiske produkt? Eller er det tradisjonell husmannskost de satsar på? Uansett, gi ei skildring av kva de jobbar med og kva som gjer dykk unike. Har bedrifta blitt omtalt i avisa eller vunne ein pris? Legg det gjerne ut slik at alle kan sjå.