Hopp til innhald

Fagstoff

P for produkt

Eit av dei viktigaste konkurransemidla ei bedrift har, er sjølve produktet. Eit produkt kan vere både varar og tenester. Produktet er ikkje berre eit verktøy på linje med dei andre p-ane i marknadsmiksen: Det er heile grunnlaget for verksemda vår – for utan eit produkt har vi ingenting å marknadsføre.
Kopp med kaffi med hjerteformet skum. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det hjelper ikkje om prisen på produktet ditt er låg, distribusjonen utmerkt og påverknaden suveren, viss ikkje produktet er det kundane vil ha.

Kundebehova i sentrum

Når du driv eit lite firma, kan du kjøpe inn og selje ferdige produkt som andre har utvikla, eller du kan sjølv utvikle nye produktidear og produkt. I alle fall bør du alltid lytte til dei ønska og behova kunden har. Du bør tenkje slik: «Kva for eit produkt er det marknaden treng og ønskjer som eg kan kjøpe inn for så å selje til dei?», og ikkje slik: «Eg har eit produkt eg ønskjer å selje, la oss finne nokon som vil kjøpe det.»

Maslows behovspyramide. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Produktpolitikk handlar derfor om:

  • kva produkt bedrifta vel å ha i sortimentet sitt (utval)
  • kva eigenskapar desse produkta skal ha

Sortimentet til bedrifta

Det samla tilbodet av produkt på marknaden kallar vi sortimentet eller produktmiksen til bedrifta. Eit meir daglegdags ord for sortiment er vareutval. Eit sortiment inneheld:

  • produktgrupper: produktvariantar som har innbyrdes tilknyting ved at dei dekkjer same behov
  • produktvariantar: ei spesiell utgåve av eit produkt
ProduktgruppeForrettarMineralvatnVin
ProduktvariantRøkelakstartarSitronbrusRaudvin

Sortimentet til bedrifta har ei viss djupn og ei viss breidd. Djupna er avhengig av talet på variantar, mens breidda er avhengig av talet på produktgrupper.

  • Sortimentsbreidd: Ein moderne restaurant har nokså mange produktgrupper i sortimentet sitt. Som eksempel kan vi nemne forrettar, hovudrettar, dessertar, mineralvatn, kaffi, vin og øl.
  • Sortimentsdjupn: Den same restauranten treng derimot ikkje å ha like stor djupn i alle produktgruppene sine. Utvalet av vin kan vere stort, og det er då stor djupn i produktgruppa vin. Derimot kan utvalet av kaffi vere lite, kanskje finst det berre éin variant, for eksempel svart kaffi. Ein kaffibarl har derimot mange typar kaffi, og dermed stor sortimentsdjupn.

Oppgåve: Kva for produktgrupper og produktvariantar kan du finne i eit bakeri?

Sortimentet og forretningsideen til bedrifta

Det er fleire forhold som har betydning for sortimentet til bedrifta. Eit stort sortiment kostar pengar og krev mykje plass. Eit breitt vareutval krev også inngåande kunnskap om produkta. Kanskje må bedrifta tilsetje fleire medarbeidarar eller gi betre opplæring av noverande tilsette.

Når ei bedrift skal bestemme sortimentet, må vareutvalet derfor bli vurdert opp mot forretningsideen. Viss bedrifta vurderer å tilby nye varer til kundane sine, bør bedrifta svare på desse spørsmåla først:

  • Kva ekstra kostnader oppstår i samband med det nye produktet?
  • Korleis påverkar det nye produktet lagring, distribusjon og marknadsføring? (Blir det behov for ein annan type lager – for eksempel eit kjølelager – som bedrifta ikkje har i dag?)
  • Passar produktet til den noverande imagen? (Bør ei bedrift som tilbyr eksklusive vin, også tilby vin av rimeleg og grei kvalitet i sortimentet sitt?)
  • Har dei tilsette gode nok kunnskapar om det nye produktet?
  • Kan det nye produktet føre til "kannibalisme"? Med det meiner vi at kundane kjøper det nye produktet i staden for eit anna av produkta våre.

Hugselappen

  • Produkt er den første og viktigaste p-en i rekkja av verkemiddel. Utan eit produkt har vi ikkje noko å marknadsføre.
CC BY-SASkrive av Mette Holan. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Marknadsføring