Oppgåve

Oppgåve: marknadsundersøking

Publisert: 20.04.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Bjørn Einar Romøren intervjuer deler av hopplandslaget.foto.Intervju er ein form for markedsundersøking. 

I denne oppgåva skal du gjere deg kjend med kva trendar som er i marknaden. Du vel sjølv kva område i marknaden du skal undersøke, og resultata du kjem fram til skal presenterast munnleg.

Arbeidsform: Individuell eller gruppe

Tid: Ca. 10 skuletimar

Teori: Marknadsundersøking 

Oppgåve

  1. Ta for deg eit område i marknaden som du interesserer deg for (klede, interiør, smykke, eller liknande), og lag eit intervju/ ei spørjeundersøking med minimum 5 spørsmål.
    • Målet med intervjuet/ spørjeundersøkinga er å finne ut kva folk vil ha innan det valde området ditt. Kva er trenden?
  2. Gjennomfør intervjuet/ spørjeundersøkinga. Tenk over kva målgruppe du tar for deg.
  3. Gå gjennom dei ulike svara du samla inn i del 2. Lag ein presentasjon og legg fram resultata munnleg (oppgåve; foredrag og digitale presentasjonar).

Vurdering

Kompetansemål

  • Reflektere over og vurdere eige og andre sine arbeid som grunnlag for å tolke trendar og finne fram til eigne utviklingsbehov
  • Gjennomføre enkle undersøkingar og vurderingar av behov for handverksprodukt og tenester i marknaden (vurderingskriteria)

 Innlevering og vurdering av:

  • Intervjuet eller spørjeundersøkinga du laga
  • Presentasjon av resultat
Relatert innhald

Oppgåve