Oppgåve

Oppgåve: marknadsføring og sal

Publisert: 20.04.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Mann som vanner dollarsymbol.Marknadsføring og sal

Utgangspunktet for oppgåva nedanfor er marknadsføring for di eiga tenkte bedrift. Du vel sjølv kva type bedrift du vil arbeide med, og det er viktig å velje noko du interesserer deg for. Oppgåva kan passe godt som gruppeoppgåve, og ein kan lage henne tverrfagleg med for eksempel faga produksjon og norsk.

 

Arbeidsform: Individuell eller gruppe på to

Tid: Ca. 15 skuletimar

TeoriMarknadsføring og sal 

Oppgåve

  1. Tenkt deg at du skal starte di eiga bedrift. Skriv ned nokre stikkord rundt kva type bedrift du vil starte, og korleis du har tenkt å drive henne (butikk, nettbasert...).
  2. Lag ein logo for bedrifta di. Her kan du skisse og teikne for hand, eller du kan jobbe digitalt (f.eks. paint, Illustrator eller liknande program).
  3. Lag ein plan for korleis du vil marknadsføre bedrifta di, og lag ein type reklame/annonse som du vil nytte.
  4. Presenter punkta ovanfor for resten av klassa, gjerne ved å bruke ein PowerPoint. Argumenter for eigne val, med tanke på marknadsføring og sal. Be om tilbakemelding på presentasjonen din, kva seier medelevane dine til idéen din?
  5. Skriv ei eigenvurdering etter den munnlege presentasjonen der du tar for deg dei vala du har gjort, og der du reflekterer over dei tilbakemeldingane du har fått.

Vurdering

Komeptansemål:

  • Presentere, grunngi og argumentere for eigne produkt, tenester og produksjonsprosessar med tanke på marknadsføring og sal (Vurderingskriteria) 

 Innlevering og vurdering av:

  • Skriftleg arbeid i del 1, 3 og 5 (med framside og innleiing til oppgåvene)
  • Skisseprosess og ferdig logo
  • Munnleg presentasjon
Relatert innhald

Oppgåve