Fagstoff

Behov og ønske

Publisert: 20.04.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Hugselappen:

  • Alle menneske har grunnleggjande behov og ønske.
  • Det varierer kor viktige dei ulike behova er for kunden.

Tre unge menneske som bestiller mat over ein disk. Foto.

Ulike behov krev ulike løysingar. Oppgåva til servitøren er å avdekkje kva ønske og behov dei ulike gjestene har. Om vi kan levere ei teneste som kan dekkje behovet til gjesten, løyser vi eit problem for vedkommande.

 

Maslow sin behovspyramide. Illustrasjon. Menneska har ulike behov og ønske. Her kan du lese meir om Maslow sin behovspyramide.  Grunnleggjande behov   

 

Trøytt skuleelev som kviler hovudet på pulten. Foto. Utan mat og drikke duger helten ikkje! Grunnleggjande behov som søvn, mat og drikke er viktig for konsentrasjonen på skulen.  

Dame som luktar på eit glas med vin. Foto.Enkelte gjester er opptekne av kvalitet, andre er meir opptekne av pris.  

Kva meiner vi med behov?

For at vi skal leve og trivast som menneske, må visse grunnleggjande behov vere dekte. Vi må ha mat, drikke og varme klede. Når vi kjenner oss svoltne og tørste, har tankane lett for å krinse omkring mat og drikke. Etter eit solid måltid mat med godt drikke til forsvinn kjensla av svolt og tørst.

Å sløkkje svolt og tørst er nødvendig, men ikkje nok for å kunne leve og blomstre som menneske. Vi har også behov for tryggleik, behov for kontakt med andre og behov for å bli aksepterte og kunne utvikle oss som menneske.

Kva er viktigast for deg?

Dersom vi spør venner og kjensfolk om kva som har mest å seie for dei, får vi ulike svar. Somme legg vekt på pengar og materielle gode. Andre legg meir vekt på nærleik og vennskap. Det kan vere spennande å tenkje over kva som har mest å seie for deg sjølv og vennene dine. Kva har vi felles? Kva skil oss? No kan du svare på spørsmåla om kva som er viktigast for deg.

Kundeønske og kundebehov

Det varierer kor viktige dei ulike behova er for kunden. Alle har behov for mat og drikke, men matvanane til folk varierer mykje. Medan somme først og fremst ser etter lågaste pris, ser andre etter beste kvalitet. Medan somme ser etter kjende merkeklede, ser andre etter gode klede.

Ønska og behova til kunden er påverka av kultur, vanane til familie og venner, eigen smak, reklame og marknadsføring.

Er behov det same som ønske?

Behov og ønske er ikkje helt det same. Ein kunde kan ønskje seg ting i tillegg til det som dekkjer grunnleggjande behov, særleg i rike forbrukarsamfunn – som Noreg. Her er levestandarden så høg at folk flest har det meste av det dei har behov for.

Når dei grunnleggjande behova er dekte, ser vi oss om etter meir raffinerte forbetringar. Stadig kjem det motar og tekniske nyvinningar som er lettare, penare og har nye funksjonar. Det gir status å alltid vere først med det siste. Vi kallar det luksus når vi kjøper varer som vi eigentleg ikkje treng.Å kjøpe ein ny mobiltelefon eller PC, endå om den gamle er fullt brukande, kan auke prestisjen hos venner og kjensfolk.

Både seljar og kjøpar kan ha nytte av å tenkje over kva for kjøp som skriv seg frå grunnleggjande behov, og kva som må reknast som luksus.