Rettleiing

Velkommen til NDLA biologi 1!

Publisert: 04.03.2015, Oppdatert: 05.09.2017

    

Sjå kor lett det er å ta i bruk NDLA Biologi!

I NDLA biologi 1 kan du finne eit mangfald av læringsressursar til alle kompetansemåla for biologi 1. Fagstoffmenyen er bygd opp etter læreplanen, og du kan følgje han kronologisk. I temafana finn du eigne menyar for oppgåver, forsøk, simuleringar og eFørelesningar sorterte etter hovudområde.

Skjermdump av fagstoffmenyen Fagstoffmenyen

Fagstoffmenyen som er bygd opp etter læreplanen og tek for seg dei fem hovudområda etter tur. Menyen kan du følgje kronologisk, og han er ein sti gjennom heile læreplanen der sidene byggjer på føregåande sider.

Dersom du har ein liten skjerm, vil menyen klappe saman og leggje seg øvst for å gi større plass til lærestoffet.

Relasjonar

Bilde av relasjoner/linker til andre ressurser. Bildet er fra nederst på en side.  På kvar side finn du relasjonar/lenkjer til oppgåver, forsøk, eFørelesningar, simuleringar og anna innhald som er relevant for denne sida.

Dei same ressursane kan du finne att i temamenyane.

Skjermdump av temabildene i biologi. Temamenyar for kvart hovudområde

Temafana gir direkte inngang til eigne spesialmenyar for kvart hovudområde. I temaet "Den unge biologen" finn du menyar med fagstoff, oppgåver, forsøk, feltarbeid, eFørelesningar, simuleringar, filmar og ein meny med oppslagsverk.

Bilde av temamenyer i funksjon og tilpasning.Temamenyar for "Funksjon og tilpassing". Temamenyen med fagstoff er den delen av fagstoffmenyen som gjeld for dette hovudområdet. Her kan du altså sjå spesialmenyar med innhaldet til eitt hovudområde.

Dette gir ei god oversikt over biologiressursane. Det er til dømes lett å finne det forsøket eller den simuleringa som du er ute etter.

Når du vel å opne ei side i denne oversikta, vil alle temamenyane leggje seg saman med fagstoffmenyen, slik at du tek vare på oversikten.

Skjermdump av tema Aktiviteter og medietek.Temaet "Aktivitetar og medietek" Andre temamenyar

Temaet "Aktivitetar og medietek" gir oversikt over alle oppgåver, forsøk, feltarbeid, eFørelesningar, simuleringar og videoar sorterte i eigne menyar for kvart hovudområde.

Temaet "Verktøy" inneheld oppslagsverk og tabellar.

 

Søk på NDLA-sidene

Søk i læreplanen

Skjermdump av kompetansemål. Bilde. På sidene er det ei lenkje til læreplanen. Her kan du velje kompetansemål for å søkje på innhald. Då får du ei oversikt med mange typar ressursar, og kan filtrere søket etter innhaldstypar. Alle læringsressursar er merkte med kompetansemål. Du kan òg klikke på kompetansemålet på kva side som helst, for å få opp fleire ressursar som er knytt til same kompetansemål.

Skjermdump av ressurskart Ressurskart

Du kan òg bruke ressurskartet øvst på biologisidene til søk. Det gir ei oversikt over innhaldstypane i faget. Det finst til dømes 397 oppgåver. Når du klikkar på "Oppgåver", blir dei sorterte i undergrupper som interaktivitetar, drøftingsoppgåver og forsøk med meir.

Søkjefelt

Elles kan du sjølvsagt søkje i søkjefeltet øvst på sida. Her kan ein òg filtrere søket etter innhaldstype.

Menytilhøyrsle

Skjermdump av menytilhørighet. Bilde. For å få fram menytilhøyrsla i ein ressurs som du har søkt opp, må du velje ein av menyane under "Inngår i". Då blir fagtilhøyrsle og meny lagt til bakarst i url-adressa. Sida di blir markert i menyen til venstre, og du ser eit navigasjonsfelt på sida.

Skjermdump fra utsnitt av skjermbilde med språkvalg.

Vel språk, tilpass vising og lytt til tekst

På kvar side kan du velje om sidene skal visast på bokmål eller nynorsk. Alle sider blir opna i det språket du har valt heilt til du endrar valet.

Du finn og ein knapp for "Lytt til tekst" med syntetisk tale for opplesing. Her kan du òg velje "Enkel vising" og "utskrift" av sida.

Kontekst

Kontekst er kva for kompetansemål som er knytt til sida. Her kan du trykkje på eit kompetansemål for å få opp fleire ressursar som er knytte til dette kompetansemålet.
"Inngår i" viser fag- og menytilhøyrsle.

Verktøy

Verktøy har mange nyttige ressursar, og vi nemner nokre av dei her:

  • PDF og ePub: Last ned faget til din eigen PC. Det er spesielt nyttig til eksamen.
  • Samskrive: eit skriveverktøy på nettet der mange kan jobbe saman samtidig.
  • Delingsarena
  • Tree of life: Dette er eit interaktivt evolusjonstre med mykje informasjon, både om utviklinga av livet på jorda og om familiar og artar.
  • Rapportgeneratoren er til god hjelp når ein skal føre forsøksrapportar.

skjermdump av nettsideNettsida til Transatlantisk havforskingstokt 

Læringsressursar frå havforsking

Våren 2013 følgde vi forskarar på eit transatlantisk havforskingstokt, og vi har publisert oppgåver, filmar og artiklar  knytt til forskinga. Alle ressursane er tilpassa kompetansemål i vidaregåande skule.

 

Kommenter innhaldet og kontakt oss!

Bilde av kontakt-knappen. På alle sidene våre er det kommentarfelt nedst og ei lenkje for Kontakt oss. Vi er glade for å få både ris og ros. Det hjelper oss til å gjere læringsressursane best mogeleg for brukarane.

Facebook-logo Twitterlogo Følg oss på Facebook og Twitter! Der kan du òg kome med innspel og bli oppdatert på nyheiter.

 

Lykke til med bruk av NDLA biologi!

Ikonbilde til NDLA biologi.