Fagstoff

Ansikt til ansikt med gjestene

Publisert: 21.04.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Hugselappen:

  • Ein vert er ein person som tek imot gjester.
  • Vertskapsrolla må sjåast frå gjesten sin ståstad.
  • Ei utfordring for vertskapet er at gjestene kan ha svært ulike forventningar.

 Fornøgd gjest pratar med resepsjonisten på eit hotell. Foto.  

Korleis ønskjer vi å bli tekne imot i resepsjonen på eit hotell eller på ein spisestad? Her skal vi sjå på kva vi meiner med vertskap, og forventningane gjestene har til vertskapet.

Servitør med eit brett med vinglas. Foto. Førsteinntrykket er alltid viktig. Eit godt og profesjonelt vertskap får gjesten til å føle seg velkomen. 

 

Gruppeoppgåve

Gi døme på og drøft korleis de ønskjer å bli tekne imot og servert når de kjem til ein serveringsstad.

 

Gjester ved eit langbord får servert mat frå ein servitør. Foto.Di oppgåve som vert er å ta vare på gjestene, servere mat og drikke og yte god service. 

 

Travel servitør på kafé. Foto.Når ein jobbar som servitør, kan det til tider vere hektisk. Ønsk likevel alle gjester velkomne med eit smil, og forklar dei situasjonen. Ikkje oversjå gjestene, det gir eit dårleg inntrykk. 

 

 

Kva er ein vert?

Ein vert er ein person som tek imot gjester. Ordet vert høyrer saman med beverte, som betyr «å servere eit måltid». Som vert skal du sjå til at alle gjestene dine kjenner seg velkomne, at dei trivst, og at dei får mat, drikke og god service. Dei som har denne oppgåva, kallar vi vertskap.

Vertskapsrolla må sjåast frå perspektivet til gjesten. Eit profesjonelt vertskap ser til at alle har det triveleg, og utfordringa her er at gjestene har ulike forventningar. Gjester fortel venner og kjende korleis dei opplevde å vere gjest, noko som gjer rolla som vertskap viktig og utfordrane.

Det første møtet

Det første møtet er alltid viktig. Førsteinntrykket gir oss ofte eit lite innblikk i personlegdommen til gjesten, men det kan også sende oss i feil retning, og vi kan kome i skade for å gjere oss opp ei meining om vedkomande som kan vise seg å vere feil. Det er derfor viktig at åtferda vår viser at vi som profesjonelle representantar for arbeidsplassen prøver å skaffe oss innsikt i kva behov og ønske gjesten har. Det er lett å døme folk etter førsteinntrykket, men hugs at jobben vår er å gjere vårt beste for at alle gjester skal kjenne seg velkomne.

Ønskjer vi ein gjest velkomen med eit smil, skaper vi ein positiv relasjon. Det er viktig å tenkje på at du sender ut signal som gjestene ser på som positive. Gjestene legg merke til rolla di, og det er viktig at du gjer ditt beste for å ta vare på kvar enkelt gjest. Eit profesjonelt vertskap passar på at alle gjestene har det triveleg.

«Er det nokon heime?»

Tenk deg at du er invitert i bursdagsselskapet til ein god venn. Ytterdøra står på gløtt. Du tittar inn, men ser ingen. Du opnar døra forsiktig og går inn. Framleis er ingen å sjå, ingen å høyre. Kvifor er det ingen som tek deg imot? Du blir litt uroleg. Har det skjedd noko? Du står og ventar ei stund. Etter eit par minutt kjem vennen din og mor hans opp frå kjellaren med kaker og brus. Usikkerheita di forsvinn.

Kva om ein liknande situasjon hadde oppstått om du hadde komme inn i ein restaurant eller ein resepsjon på eit hotell? Om servitøren ikkje løftar blikket når vi kjem, oppfattar vi det som uhøfleg og eit uttrykk for manglande interesse. Vi set pris på å bli sett og tekne godt imot. Eit vennleg blikk og eit smil får oss til å føle oss velkomne. Augekontakt signaliserer interesse. Eit blikk – eller manglande blikk – fortel meir enn mange ord.

Tenk over

Møter vi ein gjest med eit smil og ei open haldning, gir vi eit positivt førsteinntrykk. På kva andre måtar kan vi møte ein gjest slik at ho eller han kjenner seg velkomen?