Hopp til innhald

Fagstoff

Måleteknikk

Vi brukar måleverktøy til å måle lengd, trykk, temperatur, volum og elektriske storleikar. Vi brukar standardiserte måleiningar for å samanlikne dei tinga vi måler. Resultatet av målingane vert angjevne som eit tal, til dømes er lengda på ein Toyota Auris 2015-modell 4 275 mm.

Målingar vert vanlegvis gjord med SI-systemet. Einingane som vert brukte i dette systemet er:

  • Kilogram (kg) - masse av eit stoff
  • Meter (m) - lengd
  • Candela (cd) - lysstyrke
  • Sekund (s) - tid
  • Ampere (A) - elektrisk straum
  • Kelvin (K) - temperatur
  • Mol (mol) - mengd av eit kjemisk stoff

Alle andre måleiningar kan avledes frå desse.

Lenke til "Forskrift om målenheter og måling" hos Lovdata.

CC BY-SASkrive av Rune Mathisen.
Sist fagleg oppdatert 11.09.2018

Læringsressursar

Måleverktøy på verkstaden