Oppgåve

Oppgåve: etikk og kvalitet

Publisert: 20.04.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Vekt.Etikk og kvalitet.

I oppgåvene nedanfor skal du sette deg inn i produksjons- og arbeidsforholda til større kjeder/ bedrifter som du kjenner til, og seie noko om kvaliteten til ulike produkt. Du skal òg reflektere over dine eigne val rundt kvalitet på produkt.

Arbeidsform: Individuell

Tid: Ca. 5 skuletimar

Teori 

 Oppgåver

  1. Ta for deg ei bedrift/ein kjede der du har handla eit av plagga du har på deg no, og gjer deg kjend med bedrifta/ kjeda. Skriv ein liten tekst der du seier noko om:
    • kva bedrift/kjede som har laga plagget du har valt
    • kvar plagget blir produsert
    • kva arbeids- og produksjonsforhold plagget er laga under
    • kva materiale plagget er laga av, og kva kvalitet som er knytt til det
  2. Ta utgangspunkt i oppgåve 1, og ta for deg ein bruksgjenstand du har heime (stol, bord, bakebolle, kjøkkenmaskin…). Skriv ein tekst med same innhald som i oppgåve 1.

  3. Ta for deg eit produkt du har laga, og skriv ein kort tekst der du gjer greie for produksjonsprosessen, og kvaliteten til produktet ditt.

Vurdering

Kompetansemål:

  • Dokumentere og kvalitetssikre eigen produksjon og kompetanse på ein formålstenleg måte (Vurderingskriterie).

 Innlevering og vurdering av:

  • Skriftleg tekst til oppgåve 1, 2 og 3.