Hopp til innhald

Fagstoff

Skreifiske

Kvar vinter i tusenvis av år har skreien funne vegen frå Nord-Atlanteren og inn til Norskekysten for å gyte. Skrei er gyteklar torsk, og gyte gjer han der han sjølv vart til, langt frå der han eigentleg oppheld seg. Gytinga går føre seg frå januar til april.

Kvar skjer det?

Skreien gyter langs heile kysten frå Finnmark i nord til rundt Stad i Sogn og Fjordane i sør. Men dei viktigaste gytefelta er – og har i uminnelege tider vore – utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Skreifisket i desse områda blir gjerne kalla for lofotfisket.

Torolv fiksa tørrfisk

Karer som jobbar med fisk. Svart-kvitt foto.

Det var til Lofoten han beordra mennene sine, vikinghovdingen Torolv Kveldulvsson frå Helgeland. I den islandske Eigilssoga står det fortalt om Torolv at han sende nokre av karane sine på skreifiske i Vågan, truleg i 875. Seinare same året segla mennene hans til England med eit stort havskip for å selje tørrfisk og kjøpe klede og andre ting han trong. Dette er den eldste skriftlege omtalen av lofotfisket som finst. Vi veit ikkje sikkert når det tok til i organisert form, med mange båtar som tok del. Kanskje er det 1500 år sidan, kanskje lenger.

– Men at det var skreifiske i Lofoten i vikingtida, og at det var viktig allereie då, det veit vi heilt sikkert, slår Bjørn Tore Pedersen fast, journalist i NRK og forfattar av boka Lofotfisket frå 2013.

Viktig eksportvare

Skrei heng på hjell i snøen. Svart-kvitt foto.

Det er verdt å merke seg at vikinghovdingen Torolv meinte at tørka skrei var ein veleigna handelsartikkel i England.

– Tørrfisk av skrei var i fleire hundreår den desidert viktigaste eksportvara for Noreg. Tørrfisken frå Nord-Noreg, og då i hovudsak frå Lofoten, stod for 80 prosent av heile den norske eksportverdien allereie frå 1300-talet, fortel Pedersen. Den tørka skreien vart frakta frå Nord-Noreg til Bergen, der kjøpmennene sørgde for å skipe han vidare ut i Europa. Skreifisket var ei sentral årsak til at Bergen vart eit av dei største handelssentra i Nord-Europa. Og Nidarosdomen i Trondheim vart bygd ved hjelp av inntekter frå tørrfisksalet, skriv Pedersen i boka si. Skreien er framleis både viktig og lønnsam. I 2021 vart det eksportert torsk frå Noreg for 9,8 milliardar kroner. Av dette stammer ein stor del frå lofotfisket.

Dei som fangar fisken

Ein mann held opp ein tørrfisk og studerer han. Foto.

Forfattar Frank A. Jenssen meiner torsken la grunnlaget for nasjonen Noreg.

– Utan desse inntektene hadde vi sannsynlegvis neppe hatt krefter og økonomi til å etablere ein stat med embetsverk, konge, regjering – og ikkje minst kyrkja, som var så viktig, sa Jenssen til NRK då han i 2012 lanserte boka si Torsk. Fisken som skapte Norge. Tørrfisken var dessutan særleg viktig for vikingane. Han var mat som gav dei ein nødvendig tilførsel av salt. I tillegg var han både handelsvare og skipsproviant, legg Jenssen til. Fiskarane som henta opp verdiane, er essensielle i forteljinga om skreifisket. I eit historisk lys har dei ikkje fått godt betalt for jobben, meiner Bjørn Tore Pedersen.

– Eg har ein enorm respekt for fiskarane som har havet som yrkesstad. Ikkje alle kjem heim. Det har vore tusenvis av forlis på Lofothavet, eller på veg til eller frå lofotfisket, særleg på 1800-talet. Då vart fiskarkona sitjande att med ansvaret for barna og garden, understrekar han.

Færre fiskarar i dag

Fiskebåtar tett i tett i ei hamn med fjell i bakgrunnen. Svart-kvitt foto.
Fiskebåtar side om side ved kai. Foto.

Trass i alt det usikre som er knytt til det risikofylte yrket, er det mange som har ønskt å vere med på lofotfisket. Rekordåret var i 1895. Då tok 37 200 fiskarar del i fisket, fordelt på 7700 båtar. På denne tida segla og rodde fiskarane, dei fleste i nordlandsbåtane fembøring og åttring. I dei åra det var mange fiskarar, låg båtane tett i tett i fiskeværa i Lofoten. Med motoren, som vart innført på byrjinga av 1900-talet, vart det lettare å komme seg ut til fiskefelta. Etter kvart kom det òg betre reiskapar om bord i stadig større båtar. Det forklarer òg at deltakinga i lofotfisket gjekk ned utover på 1900-talet. No tek rundt 2000 fiskarar del, mot til dømes 31 900 i 1933 og 10 800 i 1957. I tillegg blir ein del av skreien i dag teken på veg frå Barentshavet til norskekysten. Det var ikkje mogleg før fisketrålarane kom.

Milliardar av torskeegg

To rognposar. Foto.

Ingen veit heilt sikkert kvifor den nordaustarktiske torsken sym rundt tusen kilometer for å gyte. Det tok han til med ein gong etter at isen trekte seg tilbake etter siste istida for rundt 10 000 år sidan. Denne torskearten er tydelegvis svært godt tilpassa til mattilgangen, temperaturen og straumane i havet utanfor Lofoten. Namnet skrei stammar frå det norrøne ordet "skrida", som betyr å vandre. Og skreien vandrar for å "pare seg" på torskevis – på mellom 50 og 200 meters djupne. Ein liten hoskrei kan sleppe 400 000 egg på éin sesong, ein stor opptil 15 millionar egg. Egga blir sleppte samtidig som hannen sprøyter mjølke over egga. Då held hannen seg tett inntil hoa.

Store tretønner fylte med salta torskerogn. Foto.

– Berre eit fåtal av egga blir befrukta. På to–tre veker utviklar den befrukta cella seg til ein larve som flyt i det øvre vasslaget, frå vasskorpa til 50 meter djupt. Golfstraumen tek med seg celler og larvar nordover, og på nokre månader blir larvane til yngel, det vil seie små fiskar, fortel Bjarte Bogstad, som er forskar ved Havforskingsinstituttet i Bergen.

Ein fornybar ressurs

Det er Noreg og Russland som fastset den årlege kvoten for kor mykje torsk som kan fangast nord for Stad. Det blir dei samde om kvart år i oktober, etter at forskarane har vurdert kor stor torskebestanden er. Den samla torskekvoten for dette området vart sett til 567 000 tonn for 2023.

– Sidan kvotane vart innførte i 1977, har Noreg og Russland hatt eit godt samarbeid om kvotane, og dei har for det meste blitt fastsette etter tilrådingane frå forskarane, seier torskeforskar Bogstad, som er med på møta i Den norsk-russiske fiskerikommisjonen. Bjørn Tore Pedersen forklarer at kvotepolitikken er ein sentral del av skreifisket.

– Om vi utnyttar denne ressursen godt, og dei unge torskane får vekse seg store, kan lofotfisket leve i minst tusen år til, konkluderer han.

Kjelder

Edvartsen, A. (2022, 25. oktober). Norge og Russland enige om fiskeriavtale for 2023. High North News. Henta 21. november 2022 frå https://www.highnorthnews.com/nb/norge-og-russland-enige-om-fiskeriavtale-2023

Statistisk sentralbyrå. (2022). Utenrikshandel med varer. Henta 21. november 2022 frå https://www.ssb.no/statbank/table/09283/

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Bjørn Hugo Pettersen. Rettshavar: NTB
Sist fagleg oppdatert 21.11.2022

Læringsressursar

Fisk som råstoff