Hopp til innhald

Fagstoff

Norsk sjølvstyre

Etter innføringa av Grunnlova og etableringa av det norske statsstyret frå 1814 skulle embetsmennene spele ei vesentleg rolle i norsk politisk historie. Feiringa av 17. mai og innføringa av lokalt sjølvstyre i 1837 vart viktige nasjonale og demokratiske hendingar i Noreg i denne perioden.
17. mai-tog i Studenterlunden i Oslo i 1898. Vi ser både barn og vaksne, ei fane og mange norske flagg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Maktfordeling

I løpet av hektiske månader i 1814 skifta Noreg styreform frå kongeleg einevelde til eit konstitusjonelt monarki. Inspirert av opplysningstida vart kongemakta avgrensa og måtte delast med eit storting utgått frå folket og uavhengige domstolar.

Demokratiet i Noreg er basert på Montesquieu sitt maktfordelingsprinsipp, der kongen og hans råd var det utøvande organet som styrte landet, etter lover og løyvingar vedtatt av Stortinget. I tillegg skulle domstolane dømme etter lover vedtatt av Stortinget. Slik maktfordeling skulle sikre folket innverknad, og var eit klart brot med statsstyringa i eineveldet.

Riksakta

Gjennom riksakta av 1815 gjekk Noreg i union med Sverige. Likevel fekk nordmenn sjølvstyre gjennom eiga regjering, storting og domstolane. I tillegg fekk vi ein eigen nasjonalbank og valuta, atttåt eigen hær og marine. Det som batt Sverige og Noreg saman i union, var ein felles konge og utanriksvesen.

Fridom for individet

Eit anna viktig prinsipp med grunnlovene frå 1814 var prinsippet om fridom for individet. Grunnlova av 1814 gav stemmerett til embetsmenn, betrestilte byborgarar og bønder som anten eigde, eller som i meir enn 5 år hadde leigd jord. Dette vart oppfatta som svært demokratisk etter målestokken den gongen. Ytringsfridom, rettstryggleik og respekt for eigedomsretten vart også sikra i grunnlova. Likevel gjaldt desse rettane berre norske borgarar, blant anna hadde «jøder og jesuitter ikke adgang til riket» og alle religiøse samfunn utanfor statskyrkja vart forbydde.

Embetsmennene og Karl Johan

Embetsmennene spelte ei sentral rolle på Eidsvoll og gjennom store delar av 1800-talet i norsk politisk historie. Eit kongeleg embete hadde bakgrunnen sin i den administrative styringa av Danmark-Noreg i einevaldstida. Prestar, sorenskrivarar, dommarar og offiserar var embetsmenn og naturlege politiske leiarar i by og bygd. I første halvdel av 1800-talet skulle embetsmennene forsvare den norske grunnlova, mot Karl Johan sine iherdige forsøk på å avgrense handlingsrommet til det norske Stortinget.

17. mai og Henrik Wergeland

Måleri av det såkalla torgslaget 17. mai 1829. Torget er fylt av  ridande militære med heva sablar, men òg av borgarar i vanlege klede, både kvinner og menn. Maleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Under embetsmennene sitt forsvar av grunnlova vart feiringa av 17. mai eit symbol på det norske sjølvstyret. I 1828 vart det innført forbod mot feiringa. Som mottrekk oppfordra studentane til spontane markeringar i Christiania i framkant av 17. mai 1829. Då dampskipet «Konstitusjonen» skulle leggje til kai på nasjonaldagen, stod Henrik Wergeland på festningsvollen iført sin private studentuniform og ropte: «Leve Konstitusjonen». Dette skulle bli kjent som torgslaget, der den svenske statthaldaren gjorde alt som stod i si makt for å oppløyse folkemengdene som hadde samla seg. Torgslaget sette standarden for markeringa av den norske nasjonaldagen, men først i 1833 vart forbodet mot feiring oppheva. Då heldt Henrik Wergeland den første 17. mai-talen.

Bondestortinget og lokalt sjølvstyre

Portrett av stortingsrepresentant Ole Gabriel Ueland. Ueland sit, er kledd i svart og har eit knytt tørkle i halsen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Embetsmennene og bøndene hadde tilsynelatande felles politiske interesser på Eidsvoll i 1814. I den påfølgjande tida med sjølvstyre lét bøndene embetsmennene ta ansvar for styringa av rikspolitikken. Dette skulle endre seg på 1830-talet då bønder stemte inn eigne bonderepresentantar på Stortinget. Bøndene fekk gjennom stortingsfleirtalet frå 1833 gjennomslag for formannskapslovene i 1836. Slik vart det lokale sjølvstyret etablert, og eit nytt formannskap skulle styre i kommunane. Somme vil kanskje hevde at innføringa av lokalt sjølvstyre var bøndene sin måte å vise avstand til den svenske regjeringa i Stockholm, og ta kontroll over lokalpolitikken utan kongeleg innblanding. Demokratiet vart ytterlegare styrkt med innføringa av lokalt sjølvstyre.

Relatert innhald

Johan Sverdrup spelte ei sentral rolle i vetostriden som til slutt enda i ein riksrettsdom mot regjeringa Selmer, og innføringa av parlamentarismen.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2017

Læringsressursar

Demokratisering