Fagstoff

Marknadsføring

Publisert: 20.03.2015, Oppdatert: 24.08.2017

Hugselappen:

Marknadsføring handlar om å forstå kundane sine behov, og tilby tenester og produkt som skil seg frå konkurrentane.

Bilete av ein smilande servitør bak ein kafédisk. Foto.   

Kva er marknadsføring?

Mange vil nok assosiere ordet marknadsføring med reklame i aviser, på tv og internett. Men marknadsføring er mykje meir enn det. Marknadsføring handlar om å forstå kva behov kundane har, og tilby tenester og produkt som skil seg ut frå konkurrerande tilbod, på ein eller annan måte.

Bilete av ulike produkt frå RørosmeierietRørosmeieriet er kjent for spesielle tradisjonsrike produkt og har oppnådd spesialmerking, mellom anna alt økologisk.   

Bilete av appelsinar i ein fruktdisk med prislapp. Foto. Pris er viktig. Kor prismedviten er du? 

Denja Annonse. Reklame. Reklameplakat er ei vanleg form for marknadsføring der produsenten prøver å påverke deg. 

Konkurransemiddel

Marknadsføring handlar om å bruke verkemiddel som fører til kjøp og skapar nøgde kundar som gjer gjenkjøp. Ei bedrift har fem verktøy som kan nyttast for å auke salet. Vi kallar dei dei fem p-ane.

1. Produkt
2. Pris
3. Påverknad
4. Plass
5. Personale

Kombinasjonen, eller miksen, av korleis bedrifta brukar desse p-ane, kan gi deg dei konkurransefortrinna du treng for å vinne i marknaden. Vi snakkar altså om bedrifta sin marknadsmiks. Her ser vi litt nærare på kvar av dei fem p-ane:

Produkt

Her handlar det om å velje dei rette produkta for kundane dine. Det hjelper ikkje å ha eit fantastisk produkt dersom ingen vil ha det. Bedrifter arbeider stadig med produktutvikling og er svært nøye når dei vurderer nye produktidear. Svært få av dei ideane ei bedrift kjem opp med, blir faktisk produserte og lanserte på marknaden. Nye produktidear blir testa og analyserte før dei eventuelt blir sleppte ut på marknaden.

Stikkord: kvalitet, smak, utseende, omtale, vaner, trender, emballasjeløsning, service,

Pris

Prisen er viktig for om kundane vil kjøpe produkta dine. Er billig alltid best? Nei, iallfall ikkje om du ønskjer å selje kvalitetsprodukt. For å setje rett pris må du ta omsyn til kva marknaden er villig til å betale for produktet ditt.

Stikkord: prisnivå, rabattar, forteneste, betalingsvilkår

Plass

Kvar varene blir selde, er sjølvsagt også viktig. Får kundane tak i varene dine? Her er det mange omsyn å ta. Kor mange produkt skal eg ha? Skal eg opne ein eigen serveringsstad, eller skal eg få varene mine inn i serveringsstadene til andre slik at dei kan selje for meg?

Stikkord: vareutval, lager, transport, lokale, geografisk plassering

Påverknad

Det hjelper ikkje å ha gode produkt med rett pris til sals i ein fin butikk dersom ingen veit om deg. Du må bruke påverknad for å gjere kundane merksame på produktet ditt. Påverknad er det vi kallar reklame og kommunikasjon – vi ønskjer å påverke folk til å kjøpe produkta våre.

Stikkord: annonsering, seljarar, reklame, kampanjar, salsfremmande tiltak

Personale

Over halvparten av alle produkta som blir selde i Noreg, er tenester. Det er menneske som utfører desse tenestene, og vi kan seie at menneska er ein del av tenesta. Derfor er det viktig å tilsetje dei rette menneska.

Stikkord: serviceinnstilling, kunnskap om vara, fagleg innsikt, positivitet, lojalitet

 

Oppgåver

Aktuelt stoff for

Yrkesrelevant

Relatert innhald

Oppgåve