Fagstoff

Meny i institusjon

Publisert: 09.03.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Hugselappen

Når ein skal planleggje og setje opp ein meny i institusjon, er det viktig å vere bevisst på at bebuarane/pasientane et stort sett alle måltida på institusjon. Maten må derfor vere variert, slik at bebuarane får eit fullverdig kosthald.

Måltid i institusjon. Foto

Middagstallerken med laks, grønnsaker og potet. FotoMiddagstallerken med laks, grønsaker og potet  

Ved å følgje lenkja under kan du repetere kosthaldsråda.

Kosthaldsråd  

 

 

Blå tallerken med brødskive, ost og grønnsaker. Foto.Standard frukosttallerken på sjukehus  

 

Suppe med ferskt kjøt og mjølbollar. FotoSuppe med ferskt kjøt og mjølbollar 

Kokken har eit medansvar for andre sine liv og helse når kosthaldet skal planleggjast, og når maten skal produserast. Vi veit at ein stor del av befolkninga i Noreg har livsstilssjukdommar.

Livsstilssjukdommar kan komme av blant anna feil kosthald. Ved å følgje kosthaldsråda som helsedirektoratet har gitt ut, kan ein unngå livsstilssjukdommar. Når ein set opp ein meny, bør ein følgje kosthaldsråda og andre styringsdokument som Helsedirektoratet i Noreg har gitt ut. Døme på andre styringsdokument er tiltaksplan for salt 2014–18.

I tillegg må menynøkkelen og andre menyreglar følgjast.

Kva er ein institusjon?

Ein institusjon er ei eining der ein bebuar bur fast, eller i ein kortare eller lengre periode.

Alders- og sjukeheimar er døme på institusjonar der bebuarane bur fast. Militærleir eller folkehøgskule er einingar der bebuarane bur i ein litt lengre periode, mens på eit sjukehus er ofte opphaldet litt kortare.

Alle desse ulike institusjonane krev ulike menyar og ulike mengder med mat.

Militær innkvartering og internat

I det militære og på folkehøgskular bur det unge og friske folk som er fysisk aktive. Desse treng ofte større porsjonar med mat enn dei eldre på alders- og sjukeheimar.

Institusjon for eldre

Nøkkelrådskost er òg hovudkosten på institusjonar for eldre. På alders- og sjukeheimar har bebuarane vanlegvis ikkje akutte sjukdommar, men dei kan ha sjukdommar eller tilstandar som dei må leve med resten eller delar av levetida si. Dette kan vere kreft, vanskar med å tyggje og svelgje, opne sår, infeksjonar og hjarteproblem. Desse sjukdomstilstandane kan ofte føre til at bebuarane får dårleg matlyst og et lite. Desse pasientane treng den same mengda med næringsstoff som då dei var yngre, men har eit lågare energibehov.

Energibehovet til eldre går ned på grunn av lite fysisk aktivitet og lite basalomsetning. Eldre i institusjon har ofte for lite inntak av vitamin D. Dette skuldast at kroppen si evne til å omdanne sollys i underhuda blir svekt når ein blir eldre, samtidig som dei også ofte er mindre ute i sollys. Tilskot av tran og feit fisk kan hindre mangel på vitamin D.

Dei eldre bør få mat som dei kjenner til, og ein bør derfor ta omsyn til kulturell bakgrunn og stad når menyane skal setjast opp.

Fordi dei ofte har dårleg matlyst, er det også ekstra viktig å tenkje på å ikkje leggje opp for mykje mat på tallerkenen, og at det skal sjå appetittvekkjande ut. Eldre mister ein del av smaks- og luktesansen, og det er også derfor viktig at maten ser god ut.

På alders- og sjukeheim har dei god tid, og maten og måltida betyr mykje. Maten og måltida er ein viktig del av trivselen til bebuarane, og for enkelte kan det vere dagens høgdepunkt. 

Beboer på et sykehus spiser et brødmåltid. Foto.  

Sjukehus

På sjukehus har vi pasientar som er sjuke, og ofte er kosten ein del av behandlingstilbodet. Det viser seg at med rett kosthald, og ved at pasienten får i seg maten, kan ein i einskilde tilfelle redusere talet på liggjedøgn på sjukehuset.

På sjukehus har pasientane òg ofte dårleg matlyst, og det er viktig å tenkje på dei same kriteria som er nemnde i kapittelet ovanfor, når måltida skal lagast til. I tillegg er det ofte slik at pasientane ligg og et. Dette krev i seg sjølv ekstra tilrettelegging rundt måltidet for at pasienten skal få lyst til å ete. Nokre få matrettar kan det òg vere vanskeleg å ete når ein ligg, som til dømes spagetti.

Somme sjukdomstilstandar, som blant anna diaré, oppkast, feber, mykje sår eller forbrenningar og kreft, gjer at pasienten har eit høgare behov for energi (protein, feitt og karbohydrat er dei energigivande næringsstoffa) enn det som er vanleg. Dei andre næringsstoffa er det anbefalt vanleg inntak av.