Oppgåve

Menyoppgåve for nøkkelrådskost

Publisert: 09.03.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Hugselappen

Følg generelle menyreglar, og ta omsyn til at menyen skal serverast i institusjon. Det er anbefalt å følgje råda frå Helsedirektoratet, som mellom anna omfattar kosthaldsråda.

 

Beboer på et sykehus spiser et brødmåltid. Foto.

Denne oppgåva består av ein teoretisk del, der du skal setje opp ein meny i institusjon og næringsberekne han, og ein praktisk del der du skal lage menyen for ein av dagane.

Energifordelinga i ein nøkkelrådskost:

Feitt: 25–35 %

Protein: 10–20 %

Karbohydrat: 50–60 %

(Tilsett sukker må ikkje vere meir enn 10 %.)

 

 

Klikk på biletet for å sjå det i større format. 

Tabell over anbefalt energifordeling for de ulike måltidene på en dag. FotoAnbefalt energifordeling for dei ulike måltida på ein dag

Peson som skriver på laptop . Foto   

Teoretisk del

Oppgave 1

Set opp ein vekemeny for ein nøkkelrådkost som skal passe til ein institusjon.

Du vel sjølv kva for institusjon du skriv menyen til.

 

Menyen skal bestå av:

  • frukost
  • lunsj
  • middag
  • kvelds

Lag ein tabell der du set inn dei ulike måltida.

 

Oppgave 2

Vel ein av dagane som du næringsbereknar vidare i oppgåvene nedanfor:

  • Finn ut kor mykje kcal (KJ), protein, feitt og karbohydrat denne dagsmenyen gir.
  • Rekn ut total mengde energi i prosent, som menyen (for denne dagen) gir av protein, feitt og karbohydrat. Her kan du bruke kosthaldsplanleggjaren eller matvaretabellen og rekne ut med kalkulator. Samanlikn tala i menyen din med anbefalt energiprosent av protein, feitt og karbohydrat.
  • Rekn ut energimengda pr. måltid, og berekn kor mange energiprosent dette svarar til. Samanlikn tala med anbefalt energimengde pr. måltid.

Kokk bruker slipestål. Foto  

Praktisk del

Oppgave 3

  • Vel deg ut ein dagsmeny som du skal lage på kjøkkenet. Ha fokus på sunt kosthald når du vel oppskrifter og metodar for tillaging. 
  • Finn oppskrifter og lag rettane.
  • Legg opp ein porsjon. Vurder porsjonsstorleik og utsjånad for måltida.
  • Presenter 1 porsjon av rettane dine for resten av klassen. Grunngi val av oppskriftt og metodar for tillaging.