Fagstoff

Servere vin til gjesten

Publisert: 18.02.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Hugselappen:

  • Lat alltid ein av gjestene prøvesmake og godkjenne vinen før du skjenkjer.
  • Skjenk aldri glaset heilt fullt, gjestene må kunne rotere vinen rundt i glaset.

Bilete av ein servitør som skjenkar vin i glaset til ein gjest.  

Som servitør skal ein kunne servere vin til gjester på ein profesjonell måte. Her kan du lese korleis dette skal gjerast.

Korleis serverer vi vinen til gjesten?

Ver sikker på at vinen er den som gjesten har bestilt, at årgangen er rett og at vinen har rett serveringstemperatur.

 

Bilde av vinkelner som har tatt en flaske vin ut av vinskapet og sjekker årgangen.Vinkelner kontrollerer vinen for å vere sikker på at det er den kunden har bestilt. Servitrise serverer vinVinkelneren presenterer vinen for gjestene. Bilde av en åpnet champagneflaske. Foto.Musserande vin inneheld masse trykk og må opnast med aktsemd. 

Presentere vinen

Presenter vinen for verten eller den som har bestilt vinen. Opne flaska. Vin kan anten ha skrukork eller naturkork. Fjern naturkorken ved å skjere av toppen av folien, tørk av flasketuten for å fjerne eventuelle korkrestar og trekk opp korken.

Musserande vin skal opnast på ein litt annan måte. Etter at vinen er presentert, fjernar ein metallfolien på toppen av flaska. Hald tommelen på toppen av flaska, og fjern metalltråden. Flaska skal haldast i 45 graders vinkel og ikkje peike mot gjestene. Hald handa over korken, og vri han forsiktig ut av flaska. Når han begynner å gi etter, skal du halde igjen slik at ein berre høyrer eit lite «futt». Korken skal ikkje skytast ut med eit «pang» slik at vinen fossar ut av flaska.

Lukt på korken for å avdekkje feil

Lukt deretter på korken. Har korken ei muggen eller udelikat lukt, kan det vere ein feil på vinen. Vanlege feil på vinen er det som kallast «kork i vinen». Det tyder ikkje at ein finn små restar av korken frå ein opna flaska. Kork i vinen vil seie at korken (naturkork) er bakterieinfisert og urein. Er vinen korka, må han hellast ut. Ein annan feil er at vinen har blitt oksidert eller angripen av uønskte mikroorganismar. Oksidering vil seie at det har komme til luft i vinen under lagringa. Då luktar han som naglelakkfjernar, eddik eller balsamico. Det er ikkje noko som kan gjerast for å fjerne denne lukta og smaken, og vinen kan ikkje brukast. Prøvesmak vinen, og skjenk vidare dersom vinen er i orden, eller skift ut vinen.

 

Bilete av en vinflaske som blir dekanteret ved å hellast over i ein karaffel.Ved dekantering av vin trengst det godt lys. 

Dekantering

Vurder om vinen skal dekanterast. Dekantering vil seie at ein heller vinen frå flaske til karaffel. Dette er sjeldan nødvendig, men ein kan gjere det med vinar som har vore lagra i fleire år og dermed har samla botnfall. Når ein skal dekantere vinen, må ein ha klar ein karaffel på ein kvit duk og ei god lyskjelde. Vinen skal hellast varsamt over i karaffelen. Sjå heile tida på flaska si skulder, og stopp når du ser at botnfallet når dit.

 

Bilete av ein vinkelner med ei flaske og ein gjest som luktar på vinen.Gjesten luktar og prøvesmaker på vinen. 

 

Prøvesmaking av vinen

Spør alltid om kven av gjestene som ønskjer å prøvesmake vinen. Det er ikkje alltid verten eller den som har bestilt vinen. Skjenk ein liten smaksprøve i glaset til den som skal prøvesmake. Når vinen er godkjend, kan du skjenkje vidare.

Skjenking og etterskjenking

Hald etiketten på flaska mot gjesten, og skjenk i glasa. Hugs å ikkje fylle glaset meir enn om lag halvfullt. Ver nøye med å etterskjenkje vin i gjestene sine glas. Det skapar god gjestekontakt.

Vin att på flaska

Dersom det er vin att på flaska, kan han halde seg eit par dagar i kjøleskapet dersom du har sett på korken slik at han er lufttett. Hugs at slantar av vin er gode til saus og kan oppbevarast i frysaren dersom ein ikkje skal bruke dei med ein gong.

Her kan du sjå korleis ein prøvesmaker vin