Fagstoff

Faguttrykk – drikkevarer

Publisert: 18.02.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Bilete av flasker med dessertvinar og champagne. Foto.Eit utval dessertvinar og champagne   

Akevitt – brennevin med karvesmak.
Animalsk – vin med aromaar som har med dyreriket å gjere: kjøt, blod, lêr. Positivt i fin lagringsvin.
Aperitiff – denne drikk ein før maten for å stimulere appetitten.
Armagnac – fransk druebrennevin frå Armagnac-området.
Aromatisk – måte å skildre vin på. Alle vinar har aroma, her fortel det om ein krydderprega vin som vanlegvis kjem frå ein aromatisk druetype.

 

Barrica (Spania) eller barrique (Frankrike) – 225 liters eikefat brukt til lagring av vin
Bianco/blanc/blanco/branco – kvit.
Blend – blanding, for eksempel av maltwhisky og grain whisky
Blomster/blomsterprega – duft og smak som minner om blomster, oftast roser og fiolar
Blaut/mjuk – vin med moderat, men tilstrekkeleg friskleik og/eller garvestoff
Botrytis cinerea (edelråte) – muggsopp som går til åtak på modne druer og lagar edel rotning
Bouquet – vinduft, aroma – ein del av vinen sin karakter
Bourbon – amerikansk whiskey laga på basis av minimum 51 % mais
Build – helle alle dei ønskte ingrediensane direkte i glaset utan å mikse det; is i drinken dersom gjesten ber om det, eller det står i oppskrifta
Botnfall – naturlege restar etter produksjonsprosessen, som grums, små flak eller krystallar i vinen
Brandy – engelsk nemning for druebrennevin
Brut – tørr; nemning brukt for musserande vinar med maks 6 gram sukker per liter

 

Calvados – fransk eplebrennevin frå Normandie
Cava – musserande vin frå Spania som er laga etter den såkalla champagnemetoden
Champagnemetoden – metode for produksjon av musserande vin; sukker og gjær blir tilsett i ferdig gjæra vin før annangongsgjæring på flaske
Cru – vekst, ofte brukt i klassifisering av vin
Crémant – musserande vin frå Frankrike som er laga utanfor Champagne-distriktet Crianza – fatlagra (Spania)
Cuve – nemning for behaldar, tank osv. til gjæring, lagring og blanding av vin (Frankrike)
Cuve close – metode for å lage musserande vin, med annangongsgjæring på tankar, ikkje på flaske
Cuvée – ferdigblanda vin

 

Degorgement – prosess for å fjerne botnfall i champagne
Dekantere – helle ei flaske vin over i ein karaffel utan at botnfallet følgjer med
Demi-sec – søt, nemning særleg brukt for musserande vinar
Domaine – vingard, alternativ til clos og château
Drenke – dynke likør, sprit eller vin over ei kake, eller helle over frukter
Drikkeklar – vin i god balanse, god å drikke utan sjenerande restsyre, men kan framleis lagrast
Drikkemoden – vin som har nådd høgdepunktet sitt og ikkje blir betre om ein lagrar han
Drink – ein drikk sett saman av ein eller fleire alkoholhaldige og/eller alkoholfrie væsker

 

Edelråte (Botrytis cinerea) – muggsopp som går til åtak på modne druer og lagar edel rotning
Eikeprega/fatprega – den dufta og smaken som gjæring og/eller lagring på fat gir; kjenneteikna ved preg av nysaga tre, brent tre, vanilje, nellik, kokos og karamell

 

Frizzante – svakt musserande vin (Italia)
Friskleik – den forfriskande verknaden som syreinnhaldet gir; hovudsakleg vinsyre saman med anten eplesyre eller mjølkesyre
Fruktkonsentrasjon – fortel kor konsentrert preg av frukter og bær vinen har
Fylde – inntrykket vinen gir av vekt og smaksrikdom i munnen. Mengda av alkohol, garvestoff og fruktkonsentrasjon medverkar til kjensla av fylde i vinen. Kor fyldig vinen er, fortel likevel ingenting om kor godt han smakar.

 

Garnere – tilsetje retten/drinken garnityr
Garnityr – ulike typar tilhøyr til ein rett eller drikk
Garvestoff (garvesyre/tannin) – garvestoff finst i skalet og stilkane til drua, og i eikefata som ein lagrar vinen i; gir ei tørr, snerpande kjensle i munnen

 

Humle – ein slyngplante med blomster som blir brukt som krydder under ølbrygging; gir ølet bitter smak og aroma


Kirsch – tørr kirsebærbrennevin
Krydderprega/krydra – duft og smak av krydder som f.eks. pepar, nellik, kardemomme og kanel
Korksmak – ein sjukdom inne i korken som gir vinen ein muggen og udelikat smak


Lett – ein vin som har låg alkoholmengd og er lett i konsistensen

 

Magnum – flaske med 1,5 liter innhald
Maltwhisky – framstilt av bygg som etter å ha blitt malta, har fått røyksmak frå tørking over brennande torv
Maserasjon – uttrekking av fargestoff frå drueskalet og garvestoff frå kjernene under og etter gjæring
Mis en bouteille – tappa på flaske
Mineral/mineralprega – duft og smak som kan minne om bergartar i jorda som for eksempel kalk, knust stein, fossil, eller om petroleum
Mix – helle alle ingrediensane i behaldaren til miksaren med is, køyr og sile over i eit glas
Modne bær / moden fruktigheit – indikerer at druene vinen er laga på, var fullmodne då dei blei hausta; gir naturleg søtleik og smaksrikdom til vinen
Most – frisk, pressa, ugjæra saft frå druer eller annan frukt
Musserande – vin med kolsyre der den langsame annangongsgjæringa skjer anten på tanken (cuve close) eller etter at han er tappa på flaske (champagnemetoden); kan også lagast ved å tilsetje kolsyre når ein tappar han på flaske, som ved brusproduksjon
Mørke bær – duft og smak som minner om solbær, bjørnebær og mørke morellar


Oechsle – skala for å måle sukkerinnhaldet i druesafta (Tyskland)
On the rocks
– brennevin eller cocktail servert med isbitar


Pot still – den eldste forma for destillasjonsapparat

 

Reserva – lagra på eikefat over ein viss periode (spansk)
Rouge/rosso/tinto – raud
Ruby – ung, raud portvin
Raude bær – duft og smak som minner om bringebær, jordbær eller kirsebær

 

Saftig – leskande vin med tydeleg ungt fruktpreg
Sec – tørr; særleg brukt for musserande vinar i tydinga halvtørr
Shake – riste drinken hardt og raskt med is, så sile over i glas
Spumante
– musserande vin (Italia).
Stir – røre alle ingrediensane i drinken kraftig med barskei saman med is, så sile over i glas
Sur – negativt uttrykk for ein vin som har ein ubehageleg dominerande syrleg smak, gjerne med eit grønt vegetalt preg i tillegg
Syrleg/frisk – positivt uttrykk for ein vin som har mykje syre i forhold til søtleik; gir liv, friskleik og balanse i vinen
Søtleik – inntrykket av søt smak i vinen; kjem av estar av druesukker og alkoholinnhaldet

 

Tannin – garvestoff; Tfinst i skalet og stilkane til drua, og i eikefata som ein lagrar vinen; gir ei tørr, snerpande kjensle i munnen
Tawny – nemning på lagra portvin som gjerne har mursteinsraud farge
Tequila – meksikansk fruktbrennevin laga av safta frå agave-frukta
Tropisk frukt
– duft og smak som minner eksempelvis om ananas, fersken og aprikos
Tørka frukt – duft og smak som gir assosiasjonar til for eksempel rosin og svisker

 

Uutvikla – ein vin som har potensial til å utvikle meir komplekse aromaer ved rett flaskelagring
Urter – duft og smak som kan minne om tørka eller friske urter som timianblad, salvie, basilikum og rosmarin

Vinifikasjon – metoden for å lage druemosten om til vin
Vinstein
– salt av vinsyra som kan bli felte ut som krystallar ved lagring, utan at vinen blir dårlegare
Vintage – årgangsvin; særleg nytta i samband med portvin
V.S.O.P
– forkorting for very superior old pale, kvalitetsnemning for druebrennevinar, særleg konjakk

Øl – ein alkoholhaldig drikk laga av gjæra malt og krydra med humle
Ønologi – læra om vinproduksjon