Fagstoff

Spekematbord

Publisert: 18.03.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Hugselappen:

  • Speking er ein konserveringsmetode for å gjere mat meir haldbar.
  • Spekemat har lange tradisjonar i Noreg, og blir ofte servert med tradisjonelt tilbehøyr.

Bilete av ei spekeskinke og frukt. Foto.

Spekemat passar til dei fleste høve, anten det er snakk om ein enkel lunsj eller til større selskap som dåp eller konfirmasjon. Spekemat har lange tradisjonar i Noreg, og blir som oftast servert med tradisjonelt tilbehøyr. Ein kan òg utvide repertoaret med fleire sortar spekemat frå andre land, og då vil gjerne tilbehøyret òg bli noko endra. Når ein serverer spekematen, vel ein gjerne litt originale anretningar som rustikke trefjøler, flate steinar og liknande for å understreke det tradisjonelle.

 

Trefjøl med spekemat som pølser og skinker. Foto.Ulike typar spekemat. 

Fat med spekemat og frukt. Foto.Godt mogna frukt passar godt til spekemat.  Ein skål med rømmegraut og eit fat med spekemat og frukt. foto.Rømmegraut med spekemat   

Eit tradisjonelt spekematbord inneheld:

  • Spekeskinke som westfaler eller pæreskinke 
  • Spekepølser som fårepølse, salami, morrpølse, svartpølse
  • Fenalår
  • Spekt kjøt, som spekt reinkjøt, elgkjøt, hjarte og tunge.

Tilbehøyr

Brød: gjerne fleire typar, smaksette, grove og fine, flatbrød.
Smør: ulike typar smør eller margarin, og gjerne lettmargarin for dei som ønskjer det.
Sausar: rømme og ev. dressing laga på rømme og urter.  Eggerøre: er godt som tilbehøyr til spekemat.
Frukt: Søt og godt modna frukt passar perfekt til spekemat. Melon, jordbær, mango, fersken og druer.
Salatar: Potetsalat, waldorfsalat, pastasalat og ein grøn salat smakar godt til spekemat.
Rømmegraut: er tradisjonelt tilbehøyr til spekemat.

Berekning:

Rekn om lag 150 gram spekemat per person, fordel på dei ulike sortane. Spekeskinke er oftast mest populært.

Drikke:

Øl er tradisjonell drikke til spekemat, men tørr eller halvtørr kvitvin passar også bra. 
Alkoholfritt: Isvatn og mineralvatn. Les meir her: Vinmonopolet – drikke til spekemat