Fagstoff

Julebord

Publisert: 18.03.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Ribbe på eit fat med poteter, raudkål og rosenkål. Foto.

I jula står tradisjonane sterkt, og maten vi et er gjerne den same frå år til år. Til festlege samkomer i jula serverer ein gjerne eit julebord som bognar av tradisjonelle rettar.

Bilete av Rakfisk lagt opp på tallerken med lauk, egg, poteter, smør, lefse, flatbrød, rømme, purre, øl og akevitt Rakfisk med tradisjonelt tilbehøyr. 
Bilete av fenalår servert med rømme og flatbrødFenalår, rømme og flatbrød.  
Julesild i ulike krukker. Foto.Julesild i tre variantar. 
Tallerken med ribbe, og eit glas øl.Øl passar godt til julemat. 
Karamellpudding med krem. Foto.Karamellpudding er ein populær dessert på julebordet.

Tradisjonell julemat

Julemat har sterke og lange tradisjonar i Noreg. Nordmenn er aldri så konservative som når det gjeld julematen. Dei ulike landsdelane har sine eigne tradisjonar, og eit tradisjonelt julebord har som oftast ein liten smakebit av alt. Mange av rettane på eit julebord er konserverte, det vil seie salta, røykt eller tørka. Det heng saman med korleis ein kunne ta vare på maten frå gammalt av, og blir framleis brukt i vår tid.

Vanlege rettar på eit tradisjonelt julebord:

Brødvarer:

  • Lefse, flatbrød, fine og grove brødtypar.

Kalde rettar:

  • Rakfisk med tradisjonelt tilbehøyr
  • Røykelaks med eggerøre
  • Gravlaks med sennepssaus
  • Skaldyrsalat med urtekremdressing
  • Aure- og skaldyrterrin
  • Sylta laks med peparrotkrem
  • Ulike typar sild
  • Sylteflesk
  • Lammerull
  • Glasert juleskinke med syrlege grønsaker
  • Spekeskinke og spekepølse med potetsalat

Varme rettar:

  • Pinnekjøt med kålrotstappe, kjøtsjy og kokte poteter
  • Svineribbe med surkål/raudkål, svisker, brun saus og kokte poteter
  • Medisterkaker og pølser, svisker og eple
  • Lutefisk, ertepuré, baconfeitt, sennepssaus og kokte poteter
  • Kokt kveite eller torsk, sandefjordsmør, dampa grønsaker og kokte poteter.

Dessertar:

  • Riskrem med raud saus
  • Karamellpudding med piska krem og karamellsaus
  • Moltekrem
  • Iskrem

Kaker:

  • Kransekake, krumkake, sandkaker, berlinarkransar, fattigmann, hjortetakk, peparkaker, fruktkaker, blautkaker, nøttekaker og marsipankaker.

Frukt og nøtter:

  • Eit assortert utval av frisk frukt, dadlar, fiken og nøtter.

Mengdeutrekning

Kor mykje mat ein skal rekne, er avhengig av kor stort julebordet er, og mengde kjøt og fisk avheng av tilbehøyret. Rekn om lag 500–600 g mat per person inkludert tilbehøyr. Les meir her: mengdeberegning  

Drikke:

Tradisjonelt drikk ein øl og akevitt til julemat. Vin kan òg passe. Les meir her:  drikke til pinnekjøtt 

Alkoholfritt: Isvatn, kaffi, te og mineralvatn.

Her kan de sjå tre videoar der polkokkane lagar til julemat og anbefaler drikke