Hopp til innhald

Fagstoff

Skaldyrbord

Skaldyrbord er kanskje ein av dei enklaste måtane å servere eit lekkert og godt måltid til mange menneske på. Skaldyr er populær og delikat mat og kan serverast ved dei fleste høve. Norske skaldyr er i særklasse og eignar seg godt på eit skaldyrbord med passande tilbehøyr.
Fat med ulike typar skaldyr på eit bord pynta med stearinlys og julekuler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skaldyr

Når ein serverer skaldyr, er det viktig å tenke på temperaturen. Skaldyr er mat som lett blir skjemd, og skaldyra blir fort øydelagde om dei blir ståande varmt for lenge.

Ekstra skåler på bordet der gjestane kan legge frå seg skal og avfall, kan vere lurt.

Rettar ein vanlegvis serverer på eit skaldyrbord:

  • ferske reker
  • dampa blåskjel
  • fylte krabbeskjel
  • skaldyrkabaret
  • skaldyrsalat med dressing

Rettar ein kan supplere med:

  • østers
  • kongekrabbe (kokt eller gratinert)
  • tillaga kamskjel
  • sjøkreps
  • hummar
  • skaldyrsuppe
  • fiskesuppe
  • silderettar
  • patéar og terrinar
  • ekstra skaldyrsalat

Tilbehøyr

  • brød: Server loff og gjerne andre typar brød (smaksette, grove, fine, glutenfrie).

  • smør: Set fram ulike typar smør eller margarin, og gjerne lettmargarin for dei som ønsker dette.

  • sausar: Majones, aioli, rømmesausar og pesto passar godt til skaldyrbord.

  • grønsaker: Server sitron skoren i båtar og ein frisk grøn salat.

  • egg: Kokt egg er godt som tilbehøyr til skaldyr.

Mengdeberekning

Rekn som elles om lag 500–600 g per person, der om lag 250–300 g er skaldyr (utan skal). Dette varierer etter kva ein serverer. Når det er hummar på bordet, reknar ein vanlegvis ein halv hummar per person.

Drikke

Ein frisk kvitvin eller musserande vin passar godt til skaldyr. Elles passar pils godt til reker.

Alkoholfritt

Server isvatn, eplemost og anna mineralvatn.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 02.11.2022

Læringsressursar

Buffé