Hopp til innhald

Fagstoff

À la carte

Vi har mange ulike menytypar. Her skal vi sjå på kva som kjenneteiknar ein à-la-carte-meny.
Foto av to personar som sit på ein uterestaurant og studerer menyen.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er à la carte?

Dei fleste serveringsstader har valfrie menyar som gjeld for ein bestemd tidsperiode. Dette kan til dømes vere ein eigen lunsjmeny med smårettar som dei tilbyr om føremiddagen, og som blir erstatta av ein eigen à-la-carte-meny om ettermiddagen.

À la carte er fransk og blir ofte omsett med "på matkartet" eller "etter bestilling". À la carte er ei opplisting av ulike valfrie rettar som blir serverte på ein serveringsstad. Menyen blir ikkje bytt ut kvar dag som ved dagens meny, men blir nytta over ein lengre periode som varierer frå bedrift til bedrift.

Ved å bestille à la carte kan gjestane komponere sin eigen meny ut frå kva dei sjølve har lyst på. Dette er det motsette av det vi kallar for ein sett meny, der menyen er bestemd på førehand og alle gjestane et den same maten, som til dømes i eit bryllaup.

À la minute

Når ein bestiller mat frå ein à-la-carte-meny, blir maten laga à la minute. Det vil seie at maten først blir produsert etter at servitøren har levert bestillinga til kjøkkenet. Det gjer at gjesten får ein heilt nylaga rett, men at ein må rekne med ei viss ventetid. Tjue minutt er vanleg om ikkje anna blir opplyst. Gjestane er gjerne svoltne og kan oppleve at ventetida blir vel lang før dei får maten. På mange serveringsstader set ein derfor fram litt godt brød og smør som gjestane kan kose seg med før maten kjem.

Storleiken på menyen

À-la-carte-menyen har eit utval av rettar frå dei viktigaste gruppene i menynøkkelen, og blir brukt i ein kortare eller lengre tidsperiode før han blir skift heilt eller delvis ut. Det er vanleg med 3–4 rettar i kvar gruppe, men det er ingen reglar for kor stort eit menykart skal vere. Storleiken på menyen avheng av ei rekkje faktorar som kjøkkenkapasitet, serveringskapasitet og økonomiske vilkår.

På ein à-la-carte-meny er det ofte med ein del som kan skiftast ut, og som blir kalla "kjøkkensjefens anbefaling", "dagens trerettar" eller liknande. Dermed kan kjøkkenet selje råvarer dei har mykje av, eller som er i sesong akkurat då. Dei kan også prøve ut nye oppskrifter, gi ein gunstig pris og liknande.

Mange serveringsstader vel å trykkje opp menyen på fleire språk, slik at det skal vere enklare for utanlandske gjestar å forstå kva som blir tilbydd.

Foto av ein servitør som står ved bordet til to gjestar og skriv bestillinga inn på eit nettbrett.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Menytypane