Fagstoff

Selskapsmenyar

Publisert: 02.03.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Hugselappen:

  • Ein selskapsmeny er ein sett meny som tyder at maten er bestemt på førehand, og alle gjestene et same meny.

 

Bilete av ei selskapsoppdekking med ein meny i midten. Foto.

Vi har mange ulike typar menyar. Her skal vi sjå på kva som kjenneteiknar ein selskapsmeny.

 

Bilete av eit nygift par som blir hylla av gjester. Foto.Bryllaup er ei av livets store feststunder, og vi feirer det med god mat og drikke.   Kokk legg opp mat på tallerken. Foto.Når ein skal lage mat til mange, er det viktig at ikkje menyen er svært komplisert slik at det tek lang tid å leggje opp. 

Kva er ein selskapsmeny?

Selskapsmenyar brukar ein ved større tilstellingar som bryllaup, konfirmasjon, barnedåp, bankettar, jubileum, busdagsfeiringar og liknande. Ein selskapsmeny er ein sett meny som tyder at menyen er bestemt på førehand, og der alle gjestene et dei same rettane. Ein selskapsmeny vil variere ut frå kva slags høve det er, kvar selskapet blir halde, kor mange menneske som er til stades, kva slags budsjett arrangøren har og så vidare. Menyane ein brukar i slike selskap blir stort sett komponerte av dei rettane som passar til middag. Menyen må vere sett saman slik at det blir ei positiv oppleving for gjestene og noko dei kan tenkje tilbake på med glede.

Menyen må vere gjennomtenkt

Menyen består ofte av 3–5 rettar eller fleire, og må vere grundig gjennomtenkt.Ved særleg store selskap som bankettar, utnyttar ein ofte bedrifta sin kapasitet maksimalt. Då er det viktig at ein ikkje komponerer svært krevjande menyar som det vil ta lang tid å leggje opp på tallerken eller fat. Mange vel å servere ein av rettane utanom desserten som ein kald rett, slik at denne retten kan leggjast opp før selskapet går til bords. Dermed har kjøkkenet betre kapasitet til å konsentrere seg om den varme maten.

Ved større tilstellingar blir det ofte halde ein del talar. Det kan vere lurt å be om at talane blir halde mellom hovudretten og desserten, slik at ikkje kjøkkenet blir ståande å varme på hovudretten fordi talane tek lenger tid enn venta.

Når ein set opp ein selskapsmeny, er det vanleg at ein kjem med forslag til ein vinpakke som passar til rettane.

 

Døme på selskapsmeny fra Grand Terminus i Bergen:

Bilete av menyen "Gårdsmat" frå Grand Terminus    Bilete av menyen "Kjøkkensjefens signatur" frå Grand Terminus    Bilete som viser menyen "Smaken av Vestlandet" frå Grand Terminus   

Forslag til forrett i ein selskapsmeny finn du her: