Hopp til innhald

Fagstoff

Barnemeny

Barna må også bli prioriterte når ein planlegg ein meny. Her skal vi sjå på korleis ein kan setje saman ein barnemeny.
Foto av ein gut som held eit menykart og snakkar med servitøren på ein restaurant.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Barn må bli prioriterte i menyen

Det er viktig at vi kan tilby mat til alle aldersgrupper. Stadig fleire småbarnsforeldre går på restaurant. Ein bør ta barna på alvor og prioritere dei i menyen. Tradisjonelt har utvalet til barn stort sett bestått av pommes frites, hamburgarar og pølser. Dette er mat som mange barn liker, men som i liten grad gir dei høve til å smake på andre typar mat.

Dersom vi ønskjer at barna skal få eit positivt forhold til sunn og god mat, må det inn andre rettar på menyen enn berre pølser. Mange stader tilbyr halv porsjon av dei vanlege rettane på menyen. Dette kan vere svært positivt, barna får på denne måten høve til å smake på mange ulike typar mat. Vi skal ikkje undervurdere barna sin smak, ofte liker dei meir enn vi trur.

Foto av ein tallerken med hamburgar, pommes frites og ketsjup. Ved sida av står ein sjokolademilkshake og ein liten leikebil.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er likevel mange barn som ikkje har dei same smakspreferansane som vaksne, og som helst vil ha råvarer med reinare smakar. Mange restaurantar vel difor å setje opp ein eigen barnemeny. Rettane til barn bør vere passeleg store. Maten bør ikkje vere sterkt krydra eller smakt til med sterk vin eller brennevin. Barn kan også vere skeptiske til skaldyr og grønsaker med svært kraftig smak.

Appeller til barna

Når ein set saman barnemenyane, kan ein gjerne vere litt kreativ og bruke fargar og figurar som appellerer til barn. Mange restaurantar har teiknesaker, ballongar og liknande som ein kan aktivisere barna med til maten kjem. Barna sine rettar bør prioriterast slik at dei får maten først på bordet.

Skjermdump av ein barnemeny med ulike rettar som pizza, kjøttbollar, kylling, miniburgar, salat og is med topping til dessert. Menyen er  fargerik og illustrert med bilete av bær og grønsaker som det er teikna bein og armar på.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 21.06.2021

Læringsressursar

Menytypane