Hopp til innhald

Fagstoff

Smørbrødliste

Brødmåltida står sterkt i dei nordiske land, difor finn ein ofte eigne menyar for smørbrød på serveringsstadene som fortel kva som blir tilbydd av brødtype og pålegg.

Smørbrødliste

Bilde av danske smørbrød med forskjellig pålegg og øl ved siden av. Foto.

Ei smørbrødliste er ein à la carte-meny for brødmat. Ein slik type meny finst stort sett berre i dei nordiske land, fordi vi har ein sterk tradisjon for brødmåltid her. I Danmark blir dei kalla for smørrebrød og mange reknar dei som den danske nasjonalretten. Smørbrøda lagar ein til med mykje lekkert pålegg og legg dei delikat opp på tallerkenen. Smørbrødlista blir gjerne tilbydd til gjester i lunsjtida, eller det er eit tilbod til dei som berre ønskjer ein liten rett.

Eit utval frå lista

  • Snittar
  • Smørbrød
  • Landgang
  • Spesialsmørbrød (varme/kalde)
  • Sandwichar

Påleggsgruppene for brødmat

  • Fisk
  • Kjøt
  • Skaldyr
  • Leverpostei
  • Kaviar
  • Salat
  • Ost
  • Egg

Smårettmeny

Ein smårettmeny er som namnet seier ein meny samansett av mange små rettar som gjestene kan velje i. Dette er ein type meny som gjerne blir tilbydd i lunsjtida, eller som eit alternativ til ein større à la carte-meny. Smårettmenyane kan bestå av alle slags rettar, frå supper, små kjøt- og fiskerettar til salatar og sandwichar. Ofte kombinerer ein ei smørbrødliste og ein smårettmeny.

Eksempel

Smårettmenyen for Strandbaren ved Sola Strand Hotell.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Menytypene