Fagstoff

Måltidstypane

Publisert: 25.02.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Hugselappen

I løpet av ein dag et vi mange måltid. Som kokk må du kunne planleggje og lage til mat til alle desse måltida.

Måltidstypar. Fotokollasje.

I løpet av ein dag et vi mange måltid. Her skal vi sjå på kva som vanlegvis inngår i dei ulike måltida.

 

Bilete av barn som et eit måltid. Foto.Ein god frukost gir ein god start på dagen for både liten og stor. 

 

Skuleelev et skulebrødKva vil du helst ete til lunsj? 
Dame som et eit grønt eple. Foto.Hugs at fem om dagen er viktig, og bør fordelast mellom alle måltida. 

 Plattforma Ekofisk. Foto.På ei plattform bur arbeidarane heile døgnet, derfor serverer ein ofte eit kveldsmåltid her. 

 

Frukost

Dagens første og enklaste måltid er frukosten. Frukosten skal syte for at ein får energi til å starte på oppgåvene for dagen. Måltidet består som oftast av brød og kornprodukt, med godt pålegg og nokre enkle varmrettar.

Lunsj

Er for dei fleste eit måltid ein et midt på dagen, mellom frukost og middag. Ofte et ein lunsjen i arbeidstida, og det blir difor stilt krav til rask servering. Lunsjen kan bestå av både kalde og varme rettar, i tillegg til dessert.

Brunsj

Brunsj er eit engelsk lånord for sein frukost. Det er sett saman av orda «breakfast» og «lunsj». Brunsj er eit måltid som kombinerer frukost og lunsj i same måltid. Brunsjen startar seinare enn ein frukost, og tidlegare enn ein lunsj, og varer gjerne ei god stund. Rettane til dette måltidet er dei same rettane som på eit frukostbord, kombinert med nokre av rettane frå eit lunsjbord.

Middag

Blir ofte rekna for å vere dagens hovudmåltid. Her får vi tilført mykje av den energien vi treng for ein heil dag. Dei fleste er ferdige med dagens arbeid før dei et middag. Kravet til rask servering gjeld difor ikkje i like stor grad her som ved lunsjen, og gjestene har betre tid til å nyte maten. Rettane til ein middag har difor ofte høgare kvalitet enn dei som blir serverte til lunsj. Middagen kan vere ein fast meny, eller ein á la carte-meny der gjestene sjølve vel kva dei ønskjer å ete.

Ettermiddagskaffi

Er eit mellommåltid som det er vanleg å servere etter middagen på helseinstitusjonar og kurs- og konferansehotell. Måltidet består som oftast av kaffi eller te med kaker og/eller frukt. Engelskmennene har ein sterk tradisjon for dette måltidet som dei kallar for five o`clock tea, og bedrifter med mange engelske gjester bør vere merksame på dette.

Kveldsmat

Er eit måltid som vanlegvis berre blir servert på institusjonar, skip og plattformer. Enkelte overnattingsstader utan eigen restaurant tilbyr gjerne også dette måltidet. Her serverer ein det same som til eit frukostbord. På helseinstitusjonar er det vanleg å servere ferdigsmurde smørbrød til kveldsmåltidet.

Sein kveldsmat

Sein kveldsmat er eit suppemåltid som blir servert på helseinstitusjonar om lag kl. 20.00

Supé

Er eit måltid som blir servert seint, gjerne etter klokka åtte. Dette måltidet er gjerne eit elegant måltid sett saman av råvarer av betre kvalitet enn dei som blir servert til middag. Ein del restaurantar serverer ein fast supé-meny med fire til sju rettar. Dette kan vere det einaste som blir tilbydd, eller det kan vere i tillegg til ein à la carte-meny.