Fagstoff

Forslag til å setje saman rettar i menyar

Publisert: 25.02.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Hugselappen:

  • Til forrett bør ein unngå sterke, røykte eller salta rettar.
  • Dersom ein meny har to hovudrettar skal den første vere fisk og den andre kjøt.
  • Dersom menyen berre inneheld ein dessert bør denne vere søt.

Kokk som legg opp mat på ein tallerken. Foto.

Her kjem nokre forslag til korleis ein kan setje saman rettar i menyar av ulik storleik, basert på menynøkkelen.

Ein rett

Retten til eit hovudmåltid som lunsj, middag eller supé er alltid ein hovudrett av fisk eller kjøt med tilbehøyr.

 

Kollasj:Mat som passar til vin frå California: Stekt fisk, røkt makrell fiskekake med ertepuré og lammekarré med auberginekarri.Tips til hovudrett? 

To rettar

Første rett: hovudrett fisk eller kjøt med tilbehøyr
Andre rett: søt dessert, frukt eller ost

Tre rettar:

Første rett: kald forrett, suppe eller varm forrett
Andre rett: hovudrett fisk eller kjøt med tilbehøyr
Tredje rett: søt dessert, frukt eller ost

Fire rettar:

Første rett: kald forrett, suppe eller varm forrett
Andre rett: suppe, varm forrett, hovudrett fisk, varm eller kald mellomrett
Tredje rett: hovudrett fisk eller kjøt med tilbehøyr
Fjerde rett: søt dessert, frukt eller ost

Fem rettar:

Første rett: kald forrett, suppe eller varm forrett
Andre rett: suppe, varm forrett, hovudrett fisk, varm eller kald mellomrett
Tredje rett: hovudrett fisk eller kjøt, varm eller kald mellomrett Fjerde rett: hovudrett kjøt eller grønsaksrett
Femte rett: søt dessert, frukt eller ost

 

Kollasj: Mat som passar til vin frå CaliforniaMat og vin er ein god kombinasjon. 

Seks rettar:

Første rett: kald forrett, suppe eller varm forrett
Andre rett: suppe, varm forrett eller hovudrett fisk
Tredje rett: hovudrett fisk, varm eller kald mellomrett
Fjerde rett: varm eller kald mellomrett, kvilerett eller hovudrett kjøt Femte rett: hovudrett kjøt eller grønsaksrett
Sjette rett: søt dessert, frukt eller ost

Sju rettar:

Første rett: kald forrett, suppe eller varm forrett
Andre rett: suppe eller varm forrett
Tredje rett: hovudrett fisk, varm eller kald mellomrett
Fjerde rett: varm eller kald mellomrett
Femte rett: kvilerett eller hovudrett kjøt
Sjette rett: hovudrett kjøt, grønsaksrett, søt dessert
Sjuande rett: søt dessert, frukt eller ost

Åtte rettar:

Første rett: kald forrett, suppe eller varm forrett
Andre rett: suppe eller varm forrett
Tredje rett: hovudrett fisk, varm eller kald mellomrett
Fjerde rett: varm eller kald mellomrett
Femte rett: kvilerett eller hovudrett kjøt
Sjette rett: hovudrett kjøt eller grønsaksrett
Sjuande rett: grønsaksrett eller søt dessert
Åttande rett: søt dessert, frukt eller ost