Oppgåve

Oppgåve: utstilling

Publisert: 11.12.2014, Oppdatert: 05.03.2017

Think på bilmesse i GeneveThink på bilmesse i Geneve.

Ein kan lage utstilling i butikk på oppdrag, eller ein kan jobbe med utstilling på skulen der ein tar utgangspunkt i elevarbeid eller lånte produkt.

Oppgåve:

Finn fram eit eller fleire produkt du vil stille ut og lag ei utstilling der produkta kjem tydeleg fram. Når ein lagar ei utstilling må ein tenke på verkemiddel i komposisjonen.

  • Ein kan jobbe i ulike nivå
  • Ein må tenke på bakgrunn (viktig at bakgrunnen ikkje tar merksemda frå produkta)
  • Ein må velje riktig farge og tekstur på underlaget
  • Ein kan sette/ stille inn lyskjelde som er med på å framheve produkt

Vurdering av:

  • Heilskap
  • Bruk av ulike verkemiddel i komposisjonen
  • Framstillinga av produkta som skal vere i fokus
Interiør utstilling