Fagstoff

Formeiring av virus

Publisert: 25.11.2014, Oppdatert: 05.03.2017
Coronavirus – livssyklus

Vel inne i cella vil viruset ta i bruk alt av nødvendig «verktøy» og materiell for å produsere kopiar av seg sjølv. Somme gongar vil produksjonen av nye virus starte med det same og halde på til cella sprekk. Andre gongar kan virus-DNA-et «gøyme seg» lenge i vertscella og reaktiverast fleire månader eller år seinare. Virus-DNA-et kan òg tilføre nye eigenskapar til vertscella.

Bakteriofag infiserer kolibakterie.

 

Lytisk syklus

  1. Viruset kjem inn i cella ved endocytose, eller ved å sprøyte inn arvestoffet sitt.
  2. Kapselen blir att på utsida eller blir brote ned inni cella.
  3. Virusgenomet tek over styringa i vertscella.
  4. Cella produserer nye kapslar og kopiar av virusgenomet.
  5. Cella set saman delane til ferdige virus.
  6. Frigjering av nye viruspartiklar frå vertscella skjer ved at vertscella lyserer (går i oppløysing).
  7. Nye virus kan no kapre nye celler.

Tek kommandoen

Viruset tek kontrollen over vertscella og brukar cella sitt produksjonsapparat til å lage kopiar av seg sjølv.
Bakteriofager  produseres i store mengder og "sprenger" vertscellen som er en bakterie.Bakteriofagar sprengjer vertscella.Det er viruset sine gen som blir uttrykte, slik at det blir laga byggjesteinar til nye virus. Dei nye proteinkapslane og kopiar av virusarvestoffet blir sett saman til ferdige virus inne i cella. Ei celle kan danne fleire hundre eller tusen nye virus.

Lytisk syklus

Når kapra vertsceller blir tvinga til å produsere store mengder virus til cella sprekk, blir det kalla ein lytisk syklus. Det er dette som skjer når vi blir smitta av influensavirus.

Plansje som viser trinn i lytisk syklus.Lytisk syklus for virus (bakteriofag).   

Fire trinn fra frigjøring av et HIV-virus fra en T-lymfocytt.Hiv-virus blir frigjort frå ein T-lymfocytt ved utbuking gjennom cellemembranen. Ved frigjeringa blir viruset blir sveipt inn i delar av membranen.    

 

Dersom ein får latente provirus i stamceller som produserer kjønnsceller, vil dei bli nedarva til neste generasjon. Ein reknar med at dette er årsaka til at 5–8 % av mennesket sitt DNA stammar frå fortidig retrovirus.

 

 

Virusformering – overføring av arvestoff.Virus tek opp nytt DNA og spreier det vidare.  

Lysogen syklus

I andre tilfelle vil arvestoffet til viruset smelte saman med vertscella sitt arvestoff utan å ta over kommandoen. Virusgena vil no bli kopierte saman med vertscella sitt DNA ved kvar celledeling.

Herpes og hiv er døme på slike latente provirus som kan liggje skjulte lenge før sjukdomen bryt ut. Dette blir kalla ein lysogen syklus.

Plansje som viser trinn i lysogen syklus.Lysogen syklus for virus hos ein bakterie   

Latent provirus

Slike «innebygde» provirus kan føre til gjentekne sjukdomsutbrot utan at dei drep vertscella. Dei kan òg påverke cella sitt eige DNA og gi cella nye eigenskapar. Det er til dømes berre virusinfiserte bakteriar som forårsakar skarlaksfeber og difteri.

Når retrovirusRetrovirus skil seg frå andre virus ved at dei har RNA som arvestoff og inneheld enzymet revers transkriptase (”baklengs omskrivningsenzym”).Når eit retrovirus går til åtak på ei celle, kjem RNA-et til viruset saman med transkriptasen inn i cytoplasmaet til cella. Transkriptasen set straks i gang med syntese av DNA, som er som ”eit spegelbilete” av RNA-et til viruset. Når virus-DNAet kjem inn i cellekjerna, vil det sørgje for syntese av nye virusdelar.Dei mest kjende retrovirus i humanmedisinen er humant immunsviktvirus (hiv) og humant T-celle-leukemivirus (HTLV). (RNA-virus) som hiv-viruset kjem inn i ei celle, må arvestoffet transkriberast frå RNA til DNA før det kan smelte saman med arvestoffet i kjernen.

Frigjering

Frigjering av nye viruspartiklar frå vertscella kan skje anten ved at vertscella lyserer (går i oppløysing), ved eksocytose eller ved utbuking (budding) av viruset gjennom cellemembranen som på dei fire bileta av hiv-virus.

Virus overfører gen mellom artar

Når virus formeirer seg i ei celle, kan dei nye virusa få med fragment av vertscella sitt DNA. Dette arvestoffet kan viruset i neste omgang overføre saman med sitt eige DNA, til nye celler det går til åtak på. Dette kallar ein transduksjon. På biletet er det ein bakteriofag som overfører gen frå ein bakterie til ein annan, men andre virus kan flytte arvestoff på tvers av artsgrenser.

Oppgåver

Aktuelt stoff for

Relatert innhald