Hopp til innhald

Fagstoff

Enkel grunnoppskrift på debattinnlegg

Når du skal skrive "på bestilling" og har kort tid på deg, er det ekstra viktig med ei god skrive-oppskrift!
En hand der de fem fingrene viser strukturen i en tekst: Innledning, hoveddel (tre avsnitt) og avslutning. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

"Den gylne handa"

Korleis byggjer du opp eit debattinnlegg? Ei enkel, men verknadsfull grunnoppskrift er "den gylne handa" som er kjend frå retorikken eller talekunsten. Då lagar du ein tekst som består av fem avsnitt
– eitt for kvar av fingrane på ei hand.

Når vi bruker "den gylne handa" som skriveoppskrift, seier vi gjerne at vi skriv ein femavsnittstekst (five-paragraph essay på engelsk). Det første avsnittet er innleiinga. Dei tre følgjande avsnitta utgjer hovuddelen, og kvart avsnitt i hovuddelen tek for seg eitt argument som du utdjupar. Det femte avsnittet er avslutninga.

Tittel

I eit lesarinnlegg er tittelen særleg viktig. Han skal fortelje kva innlegget handlar om, og han skal gi lyst til å lese vidare. Lag derfor gjerne ei fengjande overskrift som viser kva du meiner.

Innleiing

I innleiinga presenterer du saka. Du kan òg gjenta standpunktet ditt om du vil, men helst med litt andre ord enn i tittelen. Dersom du svarer på eit innlegg frå ein annan person, må du gjere dette klart for lesaren med ein gong, til dømes slik: "Eg vart verkeleg sinna då eg las Per Haugen sitt innlegg 'Elevane er for late!' i Nordlys i går ...". Du nemner kort kva innlegget til Haugen handlar om, og skriv så kva du sjølv meiner.

Hovuddel

I hovuddelen presenterer du dei tre argumenta du oppfattar som viktigast. Underbygg argumenta dine med relevante fakta, døme og røynsler. Fakta aukar truverdet ditt, døme og røynsler vekkjer kjensler og engasjement! Konsentrer deg dessutan først og fremst om din eigen argumentasjon og bruk plass på motargument berre om det er heilt nødvendig.

Avslutning

Avslutninga er avsnittet for oppsummering og konklusjon. Gjenta gjerne standpunktet ditt ein siste gong. Det er også eit verknadsfullt grep å avslutte med ein appell (ei oppfordring) til lesarane. Alle innlegga bør avsluttast med underskrift.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 23.01.2019

Læringsressursar

Å skrive lesarinnlegg